Det største norske sviket

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho har skrive boka Den største forbrytelsen med undertittel «Ofre og gjerningsmenn i det norske Holocaust».

– Det er skrive viktige bøker om einskildlagnader, men det har mangla ei heilskapleg framstilling, seier Michelet, som byrjar boka med jødeinnvandringa til Noreg rundt det førre hundreårsskiftet. Då kom det unge jødiske ekteparet Benzel og Sara Braude til Kristiania. Dei slår seg ned på Grünerløkka i Oslo og får fire barn, og vi følgjer lagnaden til familien gjennom heile boka. Fire av dei vart deporterte og drepne.

– I denne forteljinga følgjer eg både offer og gjerningsmenn, fordi litteratur om holocaust ofte er anten eller. Og eg ville fortelje om vanlege menneske og følgje dei gjennom stadia som til slutt skulle bli lagnaden: flukt, internering i Noreg og deportasjon.

Familien Braude var austjødar, mannen Benzel var omførselshandlar, eller det vi kallar ein kramkar. Kona Sara var syerske, og dei kom frå Litauen, som mange norske jødar kom frå. Som minoritet var norske jødar sedde på som uintegrerbare i samfunnet, skitne, fulle av lus, «jødebolsjevikar» og ein fare for tryggleiken i riket.

Aldri gløyme?
– Det var mykje eg ikkje visste, men som eg burde vite. Som at Noreg sleppte inn berre fem hundre flyktningar frå Nazi-Tyskland. Eg burde ha visst om ein ekspedisjonssjef i Justisdepartementet som i 1939 særleg åtvara mot jødiske flyktningebarn med at «chansen for å brenne inne med barna er overveldende stor», då dei «efterhvert vil knytte slike forbindelser i Norge at vi ikke vil bli kvitt dem», og at Fremmed­politiet i Oslo var «redd det blir en jødekoloni her». Det blir sagt at vi må aldri gløyme, men korleis gløyme noko vi ikkje har visst om?

– Dei to gjeringsmennene du følgjer i boka, er den tyske Gestapo-offiseren Wilhelm Wagner og den norske statspolitimannen Stian Bech jr. Kvifor?

– Stian Bech var ein norsk SS-soldat som kom frå ei av dei notoriske drapseiningane på austfronten, Wagner var hauptsturmführer i Noreg frå februar 1941 og skulle med norsk hjelp kartleggje alle jødane i landet. Det var dei to som saman med politiinspektør Knut Rød hadde ansvaret for å arrestere og deportere dei norske jødane, og Bech var fullt innforstått med at kampen mot jødane var ein tilinkjesgjeringskrig. Blant frontkjemparane var også mange som overtok hus og eigedom etter drepne eller utjaga jødar, og Bech jr. var ein av dei som flytta inn.

LES OGSÅ: Då Rogaland vart «Judenrein»

Den einaste dømde
– Wagner var Eichmanns mann i Noreg då jødane skulle deporterast. Han var den einaste i det norske landssvikoppgjeret som vart tiltala og dømd for forsettleg drap på jødar som vart deporterte frå Noreg, seier Marte Michelet.

I tiltalen stod det at han organiserte og gjennomførde deportasjonen «til tross for at han som høyere offiser ved det tyske sikkerhetspoliti på det tidspunktet deportasjonen skjedde, måtte være bekjent med hvilken skjebne disse gikk i møte».

Marte Michelet går ikkje særskilt inn på rolla til den om­­stridde politimeisteren Knut Rød, som vart frifunnen for landssvik.

– Den saka er meir omfattande skildra i Espen Søbyes bok Kathe, alltid vært i Norge. Rød melde seg inn i NS som så mange andre i politiet. Han skal ha takka nei til å bli med i motstandsarbeidet, men kva tenester han har gjort, er uklart. Det einaste som er sikkert, er at han arbeidde hardt og systematisk for å sikre at deportasjonane vart gjennomførde etter planen.

LES OGSÅ: Jødehatet på frammarsj i Europa

Motstandsrørsla
– Kva med rolla til motstandsrørsla?

– Motstandsrørsla og regjeringa i London såg ikkje på det å beskytte jødane som ei prioritert oppgåve. I etterkrigslitteraturen om krigen er lagnaden til dei norske jødane fråverande, også i storverket Norge i krig. Bortsett frå Oskar Mendelsohns jødehistorie var lagnaden til jødane så godt som fråverande i forteljinga om krigen, til midt på 80-talet, då Per Ole Johansen skreiv den viktige boka Oss selv nærmest.

Trygve Lie
Då det i 1942 byrja å kome meldingar om massedrap på jødar i Polen, vart også eksilregjeringa i London informert. Finn Koren ved den norske legasjonen i Sveits skreiv i august 1942 brev til utanriksminister Trygve Lie om at det var meldt om massemord ved gassing. Lie gjorde ingenting for at norske jødar skulle bli åtvara. 27. november fekk Lie ei bøn frå World Jewish Congress om at radiosendingar frå London skulle innehalde appellar til Noreg om å berge jødane. Etter nokre dagar kom det svar frå Lie. «Slike appeller er ikke nødvendig for å oppildne befolkningen til å gjøre sin humane plikt mot jødene i Norge.»

– Det var om lag samstundes med at toget med jødane frå «Donau«-transporten kom fram til endestasjonen, seier Marte Michelet. Ho har delt inn Den største forbrytelsen i fire bolkar, der lagnaden til jødane i Noreg frå 1911 til 1945 vert sett inn i sin historiske kontekst.

LES OGSÅ: – Ei kjensle av tilhørsle

Etter Breivik
– Den tyske invasjonen var ein føresetnad for aksjonen mot jødane, men han kunne ikkje gjennomførast utan aktiv norsk hjelp. Antisemittismen stod ikkje spesielt sterkt i Noreg, men fleire borgarlege politikarar, overvakingspolitiet og Aftenposten såg på dei som ein fare for rikets tryggleik. Under krigen var nordmenn flest passive til arrestasjonane, og det vedkom ikkje motstandskampen.

– Kva med norsk antisemittisme i dag?

– Når eg høyrer og les om haldningar som framleis rår, skjønar eg godt at det er ei uro mellom jødar i Noreg. Samstundes har Breivik-saka avdekt ein kontinuitet i norsk høgre­ekstremisme som vi ikkje må vere blinde for. Breivik er vår tids norske SS-mann, og 22. juli-hendinga har vore ei medverkande årsak til at eg har skrive denne boka.

LES INTERVJUET I DAG OG TID!