i samarbeid med ABC Startsida
Tema: demokrati, Natur og ungdom, Unge Høgre
Guro Ødegård: - Demokratiet må rørast for å bli verna.
Svein Olav B. Langåker
fredag 3. september 2010 12.39
Barrack Obama vekte engasjementet til mange unge. Arnold Schwartzenegger blei valt inn av vaksne. Guro Ødegård (t.h.) har skrive bok om samfunnsengasjement blant ungdom i Noreg. FOTOMONTASJE
Torsdag 2. september lanserte Guro Ødegård boka «Motløs Ungdom? Nytt engasjement i eit gammalt demokrati» på Landslaget for lokalaviser sin valkonferanse på Gardermoen. Ho byrja med eit skrekkeksempel frå 1. mai 2001.
Denne kvelden var det finalen i den aller første runden av realityshowet Big Brother – og det var stiftingsmøte i Attac i Folkets Hus. 700 var møtt opp for å kjempe mot nyliberalismen, medan 2,5 millionar samstundes røysta på reality-stjernene. Til samanlikning sat 800.000 heime på valgdagen, fire månader tidlegare.
– I eit TV-program vart det kryssklipt mellom eit relativt tamt Attacmøte i 2001 og EF-avstemminga i 1972, der motstandarar hadde vunne over den etablerte makta. Mykje var ulikt – men to ting var enno det same 30 år etter: Berge Furre halden appell og Jan Eggum song progressive viser. Og vi lurar på der ungdomen er? Ungdomen var sjølvsagd der ungdomen alltid er: der det skjer! Denne kvelden var det heime føre TV-skjermen for å røyste fram den første reality-stjerna på norsk jord.
Ødegård meiner det amerikanske presidentvalet er eit godt døme på at ungdom er der det skjer. Dei stilte opp ved valurnene, og bidrog til det mange meinte varet umogleg – å røyste fram Obama som president. Denne presidentkampanjen er eit eksempel på at unge kan mobiliserast dersom det blir opplevt som relevant.
- Men ein slik mobilisering føreset at vi lyttar til ungdomen, og gjev dei ein sjanse til å kome med reelle bidrag.
Kva er politikk?
- Når spør ungdom om dei er interesserte i politikk, svarar to av tre at dei i lita grad ansar politikk som interessant. Om vi derimot rettar merksemda mot interesse for samfunnsspørsmål, oppgjev halvparten at dei er interessert, fortel Ødegård.
Ho meiner at det engasjementet ungdom har for samfunnsaktuelle tema, av dei ungen sjølv ikkje blir oppfatta som «politikk». Politikk er noko politikarar og dei på Stortinget driv med, ikkje noko ungdom kan påverke eller interesserer seg for.
- Frivillige ungdomsorganisasjoner har vore viktige trimrom og læringsarenaer for demokrati. Desse er enno viktige, men det er færre unge som engasjerer seg i desse kanalane. Engasjementa til unge er i rørsle, og det politiske aktivitetsmønster antek nye former til eit meir aksjonsorientert engasjement. Utfordringa er å skape arenaer og kanalar for å fange opp dei mange stemmane. Dette er ei utfordring for dei politiske partia og for demokratiet som såleis. Demokratiet må rørast for å bli verna.
Falmande engasjement
Ødegård meiner politikken er eit problem for ungdomen fordi han ser på ungdom som politiske lærlingar og ikkje som politiske aktørar for ei ny tid.
- Kommunale ungdomsråd er eit godt døme på dette. Slike rådgivande organ har ei umogleg rolle: På han eine sidan skal dei skal fungere som rådgivande organ for lokalpolitikarane, og på den andre sida fungere pressgruppe og kritisk korrektiv frå ungdom i kommunen. Studia mine viser blant anna at den tette koplinga til den etablerte politikken, bidreg til at brodden som kritisk korrektiv forsvinn.
- Desse rådene står i fare for å bli som offentleg initierte taggeveggar: At det offentlege initierer, administrerer og kontrollerer slike politiske arenaer bidreg òg til at det opposisjonelle aspektet ved engasjementa til unge blir veikt. Dette er ein viktig motivasjon for å drive politisk arbeid.
I føredraget sitt fortalte Ødegård om ein debatt om røysterettsalder ho høyrte på Berkeley i California, der ungdomsopprøret starta for over 30 år sidan.
KAMPSAK: Bør 16-åringar få røysterett?
- Ein lokalpolitikar sa han var imponert ungdommane som var i panelet, og at han på strak arm kunne gjeve dei røysterett, men at han var redd for at om han gav alle ungdommar røysterett, så kunne det føra til meir populisme. Då repliserte ei ung jente: "Kven var det som røysta fram ei Hollywood-stjerne som guvernør i California?"
Når idealismen falmar
Ein av boka si delstudier byggar på intervju med engasjert ungdom i Unge Høgre og Natur og Ungdom. Det vart utført to rundar med intervju; først i 2001 då respondentane var i tenåra, og seinare i 2006.
- Noko av det mest oppsiktsvekkande ved desse intervjua var der nært Høgre-ungdomen opplevde å vere makta. Den gongen hadde Høgre regjeringsmakt, og ungdomane snakka om ”vi” og ”oss” i spurnader om politikken til regjeringa. Dei opplevde å bli høyrt, og å ha påverknad gjennom dei formelle strukturane til organisasjonen.
Etter fem år hadde idealismen og engasjementet falma. Dei tidlegare medlemmane av Natur og Ungdom vart desillusjonerte i møte med ein profesjonalisert miljølobby, der aktivisme var mindre viktig. Blant Unge Høgre-medlemmane var det ein meir pragmatisk haldning, som blant anna var prega av ei mindre tru eigen innverknad enn fem år tidlegare. Her var det likevel fleire som var godt i gang på ein politisk karriere i moderpartiet.
Manglar språk
Gatedemonstrasjonene i Oslo i 2009 etter Israels invasjon av Gaza illustrerer at det verkeleg finst eit samfunnsengasjement blant unge som står på sida av samfunnet, meiner Ødegård.
- Mange kommentatorar gav uttrykk for at demonstrasjonane, korav einskilde vart svært valdelege, ikkje var politisk motivert, men pøbelstreker. Eg meiner ikkje at det er ønskeleg med denne typen sivil ulydigheit, men synest likevel vi må innsjå at demonstrasjonane i høgste grad var politiske uttrykk. I ettertid er det god grunn til å hevde at dette i aller høgaste grad er politikk, sjølv om sinnet og steinkastinga manglar språk og dei unge gutane manglar omgrep for ein slik omforming.
Ho synest det er paradoksalt at demonstrantane vart ei sak for barnevernet, ikkje for dei politiske partia.
- Slike episodar bør jo heller få oss til å diskutere kva for ei retning demokratiet skal utvikle seg. Kvart og eit demokrati må rørast for å bli verna, avsluttar ho.