Det nye utanforskapet

Tor Valdvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norge har ei arbeidsløyserate som er i særklasse i Europa. Dette er dei raud-grøne flinke til å halde oss informerte om. Det er derimot urovekkjande at eit stadig større tal personar i yrkesaktiv alder fell utanfor arbeidslivet. I 2012 passerte talet 600 000 – og det er lite i samfunnsutviklinga som indikerer at talet ikkje vil fortsetja å stige ytterlegare. Høgre har over lang tid uttrykt sterk uro over denne utviklinga – og det er no inga tvil om at vi nærmar oss eit skjæringspunkt for kva som er samfunnsøkonomisk bærekraftig og forsvarleg, ikkje minst sett i ljos av dei velferdsmessige utfordringane som ligg i den komande eldrebølgja.

Den raud-grøne regjeringa har unnlete å setja i verk dei tiltak som er naudsynte for å snu denne utviklinga, som i verste fall kan bety ein kollaps for heile velferdsstaten. Særleg urovekkjande er det høge talet unge uføre som er utanfor arbeidslivet av psykiske årsakar. Vi lyt stille oss spørsmålet om dette er eit symptom på ei sjuk samfunnsutvikling snarare enn ei særskilt sjukeleg befolkning. Det finst ingen naturlege forklaringar på kvifor vi i Norge skal ha ei større sjukelegheit i befolkninga enn andre land vi likar å samanlikna oss med.

Høgre meiner at det hastar med å få satt i verk ei rekkje tiltak. Individets grunnleggjande friheit til å kunne ta eigne val basert på eiga livssituasjon må styrkast. Kvar familie lyt få større individuell fridom til sjølv å kunne påvirke sine barns oppveksthøve – og slik sett vera med på å leggje grunnlaget for ei betre psykisk helse seinare i livet. Utdanning og eit minimum av grunnleggjande kunnskap er avgjerende for å koma inn på arbeidsmarknaden. Skulen må i større grad bli ein læringsanstalt. Allereie i 2005 presenterte Høgre sitt tipunktsprogram for ein betre skule. Her sto tidleg lese- og skriveopplæring, valfridom for elevar og større lokal handlefridom for skulane i sentrum. Resultata i skulen må kunne målast og evaluerast for å kunne lokalisere problemområda og forbetre dei. Det må stillast større krav til lærarar og elevar – og det må, så sant det ikkje ligg føre særskilde begrensingar, kunne forventast at kvar enkelt elev går ut av skulen med eit minimum av rekne-, lese- og skriveferdigheiter. Oslo-skulen er av landets beste, og eit prov på at skulemodellen til Høgre fungerar. Den målretta lese-, skrive- og rekneopplæringa i Oslo er noko vi nasjonalt lyt ta lærdom av, for her ligg mykje av nøkkelen til å verta attraktiv på arbeidsmarknaden.

Når medisinen over 7 raud-grøne år ikkje gjev resultat, er det på tide å skrive ut ny resept. Arbeidsmarknaden lyt gjerast meir attraktiv, og norske arbeidstakarar lyt gjerast attraktive gjennom at vi let den enkelte dyrke sine eigne kvalitetar gjennom utdanningsløpet. Denne medisinen er allereie i hyllene, og resepten? Den er blå.