Det moderne prosjektet og modernismen

Framtida
Publisert
Oppdatert 20.11.2017 21:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Liberté, eternité et fraternité! Dette var slagorda det franske folk brukte under revolusjonen då dei storma bastillen i 1789. Fridom, likskap og brorskap! Det var ei ny tid, samfunnet var i endring. Filosofar som Montesqueu og Rousseau var på bana, med nye, revolusjonære idear om at mennesket skulle vere fritt og sjølvstendig. Vi fekk revolusjonar både i USA og Europa. Den industrielle revolusjonen kom i gang for fullt, og det utvikla seg ein positiv tru på at samfunnet gjekk framover innan både teknologi, politikk og vitskap. Desse endringane påverka også litteraturen, og la grunnlaget for det ein kallar det moderne prosjektet.

Litteraturen som utvikla seg var samfunnskritisk og hadde som oppgåve å forbetre samfunnet. Framskritta i samfunnet vart sett på som ein positiv utvikling, og plakaten ”By og land hand i hand , hele folket i arbeide”, er eit godt døme på dette. Men all utviklinga førte ikkje berre godt med seg. Det vart i løpet av 1900-talet laga mykje kunst og litteratur som kan sjåast på som ein reaksjon på det moderne prosjektet. Biletruta ”Where are they going?” er eit godt døme på dette.

Plakaten ”By og land hand i hand, heile folket i arbeide” er henta frå valkampen til arbeidarpartiet i 1933. Det er brukt mange verkemiddel som skal appellere til veljarane. Desse verkemidla har tydelegvis verka, for arbeidarpartiet vann valet 1933 med stor oppslutnad.

Det første ein legg merke til når ein ser plakaten er kjensla av framskritt. Vi ser sterke menn som arbeider, stolte industribygg og energirike fossefall. Ein kan nærmast høyre lydane som kjem ut av bildet, duren av fossen, havsuset, hestevrinsk. Noko skjer. Dette er eit verkemiddel som fungerar ekstra godt med tanke på situasjonen i samtida. Det er mellomkrigstid, og heile Europa og USA slit med økonomiske vanskar, Noreg inkludert. Lovnadar om framskritt, økonomisk oppgang og arbeidsmoglegheiter  er derfor eit ypparleg verkemiddel som appellerte til eit fleirtal av befolkninga.

Noko anna som er verdt å leggje merke til, er at bilda på plakaten illustrerar veldig godt slagorda som er brukt; by og land, hand i hand. Heile folket  i arbeide. Ein kan tydeleg sjå at Arbeidarpartiet no satsar på fleire samfunnsgrupper enn berre industriarbeidarklassen. Vi ser bilete av både bonden på landet og industribygg i byen. By og land skal samarbeide, og alle skal i arbeid. Dette heng saman med at Arbeidarpartiet la om politikken sin i 30-åra. Ein satsa ikkje lenger på ein revolusjon, no var det den økonomiske krisa som måtte overvinnast. Likevel var det framleis dei sosialistiske ideane som låg til grunn for politikken deira, og tanken om eit rettferdig samfunn. Det er derfor understreka at heile folket skal arbeide. Det er tydeleg at arbeidarpartiet vil ha fram at løysinga på den økonomiske krisa er samhald. Folk måtte stå saman, hand i hand, og ta eit skippertak for å berge Noreg ut av krisa.I dei usikre tidene det var, var dette noko appellerte til mange veljarar.

Skrifta i plakaten er understreka med raudt. Dermed  ”druknar” ikkje bodskapen i illustrasjonane, som har ein meir nøytral blåfarge. ”Det norske arbeiderparti” er utheva med tjukke bokstavar og raud skrift, og står fremst. Dette gjer at vi ikkje går glipp av kva parti denne plakaten tilhøyrer, i tillegg til at det gir eit stolt inntrykk av partiet.

Dei raude fargane og illustrasjonane kan faktisk minne litt om den propagandaen som det kommunistiske Sovjet førte. Arbeidarpartiet er som kjend eit høgreorientert parti, og hadde derfor visse likskapar med kommunismen (sjølv om dei ikkje stod for den ekstreme marxist-leninistiske ideologien). Grunnen til at arbeidarpartiet brukte ein plakat som liknar på kommunistisk propaganda, kan ha vore for å understreke at partiet ikkje ville gå i retning av fascismen, som var under sterk utvikling i Tyskland og Italia. Då ville ein heller gå meir mot høgresida. Likevel ser vi at plakaten har innslag av nasjonalisme. Den eine illustrasjonen er eit bilete av fiskarar. Noreg har ein svært lang kyst, og fisk har vore ei næringskjelde i landet langt tilbake i tid. Bonden som pløyer jorda er omgitt av vakkert landskap med skog og fjell. Vi ser også brusande fossefall, noko som er typisk norsk. Desse verkemiddela er meint for å byggje enda meir oppunder tanken om å samlast, og dermed å samarbeide.

Biletruta ”Where are they going” er henta frå Soft City (1969-1975) og laga av den norske biletkunstnaren Pushwagner. Her får vi eit anna bilete av kva framvekst i samfunnet fører med seg. Det er eit bilete av ein storby med mange bilar som køyrer langs ei gate, med store bygningar på sida. Det er symmetrisk og strukturert. Det første ein legg merke til er at heile bilete verkar monotont, upersonleg og kjedeleg. Alt er likt, alle køyrer same veg og det verkar som om ein aldri kjem til endes. Ein får ei kjensle av at dette er evigvarande, det skjer ikkje noko. Bygningane på sida av biletet har enormt mange vindauge, og ein kan ikkje sjå til endes på vegen. Dette skapar ei fjern, uendeleg stemning, der det ikkje er mogleg å strekke seg ut for å ta på noko. Alt er langt vekke, framandt og fjernt. Vi får ei kjensle av framandgjering.

Noko av det som gjer biletet så upersonleg, er at vi ikkje kan sjå ansikta på menneska. Alle sit med ryggen til, og alle ”følgjer straumen”. Så får ein auge på at det er eit ekstra bilete oppi hjørnet, der personane sit vendt mot oss. Men heller ikkje her er det mogleg å identifisere nokon av ansikta. Dette skaper også ein følelse av frustrasjon, og vi får kjensla av at vi er i ein ”spøkelsesby”. Det er eit slags vakuum over biletet.

Nedst til venstre er det teikna ei ”tenkeboble” ut i frå ein av bilane. Inni tenkebobla er det eit bilete av ein person som fiskar i eit fredeleg landskap. Det finst altså folk som drøymer om eit anna liv enn dette. Men det er ein grunn til at det er ei tenkeboble og ikkje ei snakkeboble. Personen som dagdrøymer seier det ikkje høgt. Han eller ho fortset som før, og gjer som alle andre. Kanskje har kunstnaren valt å gjere det slik for å  vise at det er mange som har det som denne personen. Drøymer om å gjere noko anna, men seier ingenting og fortsetter som før og følgjer straumen. Tenker ikkje over at det faktisk er mogleg og gjer noko anna. Det faktum at alle køyrer same veg understrekar det å ”følgje straumen”. Sjølv om vi har fridom i dag, har vi kanskje ikkje så mykje individuell fridom som ein skulle tru. Vi er framleis bunden opp av normer og reglar i samfunnet.

Heilt fremst i bilete ser vi rattet og hendene til ein personen som køyrer. Sidan vi berre ser hendene, er også dette nokså upersonleg. Men personen har ei klokke på seg. Dette understrekar kor viktig tid er i vårt samfunn i dag. Alltid skal ein rekke noko, og ofte har ein dårleg tid.

Tittelen ”Where are they going?” seier mykje om biletet. Personen som spør undrar seg over kor alle skal. Dette er eit veldig godt spørsmål. Dersom ein går ein spasertur i sentrum av Oslo i dag, vil ein sjå at alle har eit mål. Dei hastar seg av garde, og det er sjeldan ein ser nokon utan mål og meining. Men er det verkeleg slik det er i livet? Har vi alle planar klare framfor oss? Er det ikkje greitt av og til å stoppe opp for å tenke over kor vi eigentleg er på veg?

Propagandaplakaten til arbeidarpartiet og biletruta skil seg frå kvarandre på mange måtar. For det første er hensikta, målet med dei ulike. Propagandaplakaten er meint som ein oppfordring, og skal overtyde lesaren til å røyste på eit bestemt parti. ”Where are they going”, derimot, har eit anna mål. Biletet reflekterar over måten samfunnet fungerer på, og kva utviklinga har gitt oss. Medan plakaten har eit positivt syn på utvikling, er bilderuta meir negativ og peikar på kva det eigentleg vil seie at vi har eit samfunn på eit høgt teknisk og industrielt nivå. Dette heng også saman med at det er ein tidsforskjell i når dei to bilda er laga. Kunstnaren som har laga bilderuta har sett konsekvensane av det moderne, velutvikla samfunnet, medan propagandaplakaten er meir oppteken av å dekke behov som er sentrale i samtida.

Det er store skilnader i måten bileta ser ut på. For det første har ikkje ”Where are they going” fargar. Dette gjer at det blir meir kjedeleg og monotont enn propagandaplakaten, men det gjer også til at bodskapen kjem tydelegare fram. Utsjåandemessig  ligg hovudskilnaden mellom dei to i at det er ”liv og røre” på propagandaplakaten, medan biletruta viser det stikk motsette. Likevel ser vi at dei to bileta kan likne litt på kvarandre. Begge gir eit bilete av eit moderne samfunn, der teknologien og utviklinga står i hovudfokus. Skilnaden ligg i korleis det er framstilt.

Grunnen til at dei to bileta er så ulike heng saman med at plakaten høyrer til det moderne prosjektet medan biletruta er eit motstykke, ein reaksjon på det moderne prosjektet.

Som nemnt i innleiinga la tankane frå opplysningstida grunnlaget for det som har blitt kalla det moderne prosjektet. Ideane om fridom, fornuft og framskritt var viktig her. Makta skulle gå til folket, medan gamle autoritetar sin innflytelse skulle svekkast. Arbeidarpartiet satsa sterkt på demokrati. Det som likevel er mest sentralt og set plakaten inn under det moderne prosjektet, er den positive trua på framgang. Det er også tydeleg at partiet meiner at arbeid er vegen til framgang. Dette ville også vere vegen til fridom, fordi det ville føre Noreg ut av den økonomiske krisa. Slik kunne folk få ein betre levestandard, og med betre levestandard kom fleire valmoglegheiter.

Vi kan seie at biletruta heng saman med modernismen. Modernismen oppsto rundt 1900 og vart ein konsekvens av den moderne samfunnsutviklinga. Den aukande urbaniseringa og den teknologiske utviklinga gjekk så raskt at folk begynte å ikkje kjenne seg att i sitt eige samfunn. Biletruta er ein svært god illustrasjon for denne framandkjensla. Mykje av diktinga i modernismen var pessimistisk, og viser dei negative sidene ved framskrittet. Dette stemmer også godt med biletet. Biletet er ikkje direkte negativt i seg sjølv, men kan gjerne tolkast negativt.Noko anna som er vanleg i modernismen er at det ofte blir gjort forsøk på å begripa tilværelsen. Tittelen understreker godt dette. ”Where are they going?”. Kva er det som skjer? Kvar er samfunnet vårt eigentleg på veg, og kvar kjem vi til å enda?

Biletruta kan minne om andre modernistiske tekstar med same tema, slik som Sigbjørn Obstfelder sitt dikt ”Jeg ser” (1893). Det er spesielt eit avsnitt som gir sterke assosiasjonar til ”Where are they going?”.

Jeg ser på de høye huse,

Jeg ser på de tusende vinduer,

Jeg ser på det fjerne kirketårn

Obstfelder var ein av dei fyste modernistane, og det at biletet kan gi assosiasjonar til dette diktet, understrekar at det er eit modernistisk bilete. Bildet kan også likne på Edward Munch sitt bilete ”Aften på Karl Johan” (1892). Det er eit modernistisk bilete som liknar fordi det har den same framandkjensla og det same upersonlege uttrykket.

Utviklinga av moderismen hang ikkje berre saman med framandkjensla, men også fordi det var eit aukande behov blant menneska for å ta eit ”djupdykk” i menneskesinnet. Og det er nettopp det Pushwagner gjer. Biletet får lesaren til å reflektere over kva som eigentleg er meininga med denne fantastiske utviklinga. Er det verkeleg dette som gjer oss lukkelege? Filosofane i opplysningstida tenkte nok meir på menneskeverdet og individuell fridom enn dei tenkte på konsekvensane av eit moderne samfunn. Menneska mysta eit ”fast haldepunkt” i livet. Religionen var svekka, ein hadde ikkje lenger noko å tru på.  Folk fekk ein følelse av kaos.

Etter dette kan ein jo diskutere kor mykje godt utviklinga av det moderne samfunnet har ført med seg. Sannheita er nok at mennesket alltid vil hungre etter noko anna, og det er få som finn seg til rette her i livet. Det ligg i mennesket sin natur å alltid sjå etter noko betre, og det kan vi sjå att i mange typar litteratur. Framskritt er noko vi alltid ser etter, spørsmålet er berre kva type framskritt vi vil ha. Uansett er det alltid lurt å reflektere over korleis samfunnet vårt fungerer, og å opne auga for om det er noko som kan gjerast betre. Vi må berre hugse på å setje pris på det vi faktisk har òg.

Kjelder

Diktet ”Jeg ser”  (1893) av Sigbjørn Obstfelder. Henta frå Tema vg3 (Jansson m.fl), s. 330
Biletet ”Aften på Karl Johan” (1892) av Edward Munch.  Henta frå Tema vg3 (Jansson m.fl), s. 31
Boka Tidslinjer 2 (Grimnes m.fl). s. 273-275.