Det handlar om så mykje meir

Mads Opheim
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Valkampar handlar ofte om enkeltsaker, store som små, saker som gjerne rører folks kvardag på ein heilt annan måte enn dei store vegvala. Stundom kjem motreaksjonane frå dei som heller vil snakke om ideologi og retningsval for samfunnet og så bortetter. Sånn blir det nok i år også.

Eitkvart stortingsval har mange dimensjonar og mange aksar som skil partia og kandidatane. Alt avhengig av om du spør ein naturvernar, målmann, feminist, tillitsvald eller personvernaktivist får du forskjellige svar på kven som er dei snille og kven som er dei slemme, for å seie det enkelt. Stadig fleire organisasjonar nyttar høvet til å presentere kva for parti og/eller kandidatar som er samde med dei.

Men oppi alt mylderet av gode saker, vil eg argumentere for at haldninga til EU og EØS er eit avgjerande spørsmål. Det er rett og slett fordi stortingsval handlar om kven som skal utforme Noregs politikk. Med norsk medlemskap i EU blir det uansett EU som utformar norsk politikk. Med dagens EØS-avtale utformar EU mykje av norsk politikk, men langt mindre enn med medlemskap. Dermed har det faktisk noko å seie kven vi vel til å styre landet. Skal vi få eit Storting og ei regjering som tar eigne val, eller skal vi blindt følgje Brussels vilje? Så enkelt kan i grunn spørsmålet stillast.

Styrer vi sjølve, har det faktisk noko å seie kven vi vel inn. Dermed er eit nei til EU og EØS ein føresetnad for at det politiske arbeidet Natur og Ungdom gjer, det arbeidet LO og resten av fagrørsla gjer, det arbeidet Mållaget gjer faktisk har noko å seie. Nei-et til EUs overstyring er eit ja til sjølve å forme den politikken det norske folk ønskjer seg. Eit nei til EU er eit ja til eit reelt folkestyre. Det håper eg det norske folk tar innover seg 9. september – og alle andre dagar.