– Det handlar om framtida vår

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Elevar frå Voss jordbruksskule hadde fått gyldig fråver og velsigning av rektor til å reise inn til hovudstaden for å demonstrere. Rundt 5000 livlege bønder og støttespelarar i alle aldrar møtte opp med bjeller og spann då bondeorganisasjonane samlast for å demonstrere mot regjeringa sitt forslag i jordbruksoppgjeret.

LES OGSÅ: Fleirtalet støttar bondekampen

Ingen Listhaug-storleik 
Bondeorganisasjonane sitt krav var eit jordbruksoppgjer med 1500 millioner kroner meir i potten. 6. mai svara regjeringa med å tilby ei auke på 150 millioner – berre ti prosent av det jordbruket ba om.

I tillegg vil Listhaug gjere det meir lønsamt og drive stort gjennom mellom anna å endre tilskotsordningane og heve mjølkekvota.

Partane stod for langt ifrå kvarandre og det vart difor brot i forhandlingane.

–  Kven lagar maten? Det gjer vi! ropa bøndene på stortingsplassen.

–  Verda treng mat. Noreg treng mat. Noreg treng bonden, proklamerte musikar og bonde Aasmund Nordstoga frå talarstolen. Han la òg vekt på at bøndene vil ha landbruk over heile landet.

– Det handlar om framtida vår, me kan ikkje stå på sidelinja og sjå på at dei øydelegg vestlandsjordbruket, seier Otto Galtung frå Jondal om kvifor han og ti medelevar frå Voss har reist den lange vegen over fjellet.

Sjølv kjem han frå gard og fortel at kring halvparten av elevane i klassen er i same situasjon.

– Av desse er det ingen som er over Listhaug sine mål. Dei fleste har 20-30 dyr, maks 50, forklarar Galtung, som meiner at desse òg må få vere med å bere norsk landbruk.

– For å setje det på spissen så handlar det om alle si framtid, både dei som produserer maten, forbrukarane og dei som skal sjå på landet, seier Galtung, og legg til:

– Listhaug rokkar ved ting ho ikkje anar konsekvensane av.  

Oslos gater var fylt av kubjeller, Kæ seie bonden ljoma over høgtalarane foran Stortinget.

Aasmund Nordstoga steva inn den fagre jenta som vil fornya landbruket, men dei høglytte bøndene møtte mat- og landbruksminister Sylvi Listhaug med rungane stillheit både før og etter hennar appell, der ho haldt ved at bøndene hadde fått eit godt tilbod og at staten var villige til å gje meir.

LES OGSÅ: Bonde-rap med eigen video

Saka fortset under biletet.


Bøndene laga leven då dei inntok byen.

Ung bondelagsleiar 
Tonje Kleppe Yddal har sjølv gått to år på Voss jordbruksskule før ho byrja på allmenn påbygg. Til neste år skal ho attende for å avslutte jordbruksutdanninga. 19-åringen vart i fjor valt til leiar i Osterøy Bondelag, men er ikkje sikker på om ho er den yngste bondelagsleiaren i landet. Det er uansett ikkje langt ifrå.

Den komande bonden hadde teke turen saman med kring ti bønder frå heimkommunen for å syne si misnøye med staten sitt tilbod.

– Er du uroa for landbruket?

– Ja, det er eg. Det er ikkje ei god utvikling når dei små legg ned, seier Yddal, og er inne på noko av det bøndene reagerer mest på: Nemleg at landbruksministeren vil gje meir pengar til dei bøndene som produserer meir mat. Tanken er å løna fulltidsbonden som produserer mykje.

I Osterøy, som dei fleste andre stader i landet vert det stadig færre bønder. Dersom landbruksministeren får det som ho vil ser Yddal i verste fall for seg at det kan kome til å vere ein bonde som nyttar jorda i kommunen.

– Då vert det meir traktorkøyring langs vegane og meir utslepp og eksos, seier Yddal, som vonar at KrF og Venstre tek til orde for bøndene i Stortinget.

LES OGSÅ: Fryktar for distriktsjordbruket