Det handlar om å hugse

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Andrea Sjøvoll (20) frå Bodø si første veke som leiar i Redd Barna sin ungdomsorganisasjon, PRESS, handlar om å setje fokus på det ho er mest oppteken av: born sine rettar.

Ikkje gløyme
Denne veka deler PRESS ut blomen forgløymmegei til aktørar som arbeider med asylborn. Måndag var det barneombod Anne Lindboe som fekk ein blome og ei oppmoding om å hugse at ho er barneombod også for asylborna i Noreg.

I går stod Utlendingsdirektoratet sin nyutnemnte direktør Frode Forfang for tur.

– Både Barneombodet, Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda har fått nye leiarar, og då tykkjer vi det er på sin plass å minne om at born må bli høyrt, fortel Sjøvoll engasjert.

Sidan måndag er det Sjøvoll som har styrt skuta med Redd Barna-ungdom, som vil setje born sine rettar på dagsordenen. Med seg bak roret har ho nestleiar Tale Berg-Nilsen (20) frå Oslo.

– Vi gleder oss til å sjå kva barneombodet får til. Ho verkar som ho har eit ønskje om å gjere noko, seier Sjøvoll etter gårsdagen si blomepåminning.

LES OGSÅ: – Barn er også folk

Born sine rettar som grunnlov
Med lang fartstid i organisasjonen, erfaring frå styret til Operasjon Dagsverk og påbyrja studiar i spesialpedagogikk i bagasjen, har ho klart føre seg kvifor PRESS er til.

– Born sine rettar er vår grunnlov. Vi har ei viktig oppgåve med å arbeide for dei sakene ingen andre tek. Sidan 1995 har vi til dømes arbeidd for asylborn sine rettar. Dette er ei veldig sårbar gruppe, som manglar stemme, seier den nyvalde leiaren.

Spørsmåla knytt til asylborn sine rettar er mange og kompliserte, meiner Sjøvoll. Men viss ho må peike ut kva ho tykkjer er viktigast, dreg ho fram einslege mindreårige.

– Slik som det er i dag vert einslege mindreårige asylsøkarar som er rett under atten år ofte gjeven avgrensa mellombels opphaldsløyve, for så å bli kasta ut på attenårsdagen. Den politikken er så inhuman som du får det, seier Sjøvoll oppgjeven, før ho held fram:

– I tillegg er aldersdiskrimineringa av seksten og sytten år gamle asylsøkarar uakseptabel. Det blir bestemt at desse ikkje treng omsorg, noko ein aldri ville gjort med norske born.

LES OGSÅ: Kan nåde gå for rett?

Engasjert
Sjøvoll har vore aktiv i PRESS sidan ho var tretten år, mykje inspirert av to eldre engasjerte systre. Som leiar vil ho ta PRESS til nye høgder.

– Det er veldig stas og veldig kult å leie organisasjonen, men det er litt skummelt òg, innrømmer Bodø-kvinna.

– Du er veldig engasjert?

– Ja, uheldigvis kan ein sei, ler Sjøvoll.

– Ein blir så sint av all uretten, men så vert ein engasjert og det er positivt. Innimellom kan ein kjenne gleda over ein siger. Eg har skjønt at ein faktisk kan gjere ein skilnad.

Dersom Sjøvoll om eitt år kan skilte med at fleire born er blitt høyrt, at PRESS har fått over tolv hundre medlemmer, og at fleire har vendt seg til PRESS for å få kunnskap om born sine rettar, kan ho ifølgje seg sjølv vere stolt.

I sommar vert det ikkje mykje ferie for den nyvalte leiaren. Ungdomsorganisasjonen har i dag kring 700 medlemmer i ti lokallag. Neste veke samlast kring seksti av desse til sommarleir på Strandheim leirsted. Men sjølv leiarar må ta fri.

– Eg kjem nok stort sett til å jobbe i sommar, men under Øya-festivalen tek eg fri, seier ungdomsleiaren.

LES OGSÅ: No kan Yousef endeleg få pass

Faktaboks

PRESS er Redd Barna sin ungdomsorganisasjon og består av ungdom mellom 13 og 25 år.

Måndag tok nyvald leiar Andrea Sjøvoll og nestleiar Tale Berg-Nilsen over stafettpinnen.