– Det finst ikkje nokon fullkommen politikk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette skuffa mest i 2015

Kva har gledd deg mest i 2015?

– Landsmøtet til KrF i mai, der dei fleste KrFUarane som var til stades gjekk på talarstolen og talte for at Noreg skal stilla opp for sårbare menneske på flukt. Det viste både korleis flinke KrFUarar saman påverkar norsk politikk, og korleis KrFU set menneskeverd og nestekjærleik øvst på agendaen.

Kva har skuffa deg mest i 2015?

– Korleis Anders Anundsen handterte asylbarnsituasjonen. Han sa sjølv han hadde gjort ein feil i utsendinga av asylbarn, men likevel tok det lang tid og det måtte stort press til frå samarbeidspartia før vi fekk ordna opp i feilen og sikra borna ein riktig og rettferdig handsaming.

Kva er det største ønsket ditt for 2016?

– At fleire land og einskildpersonar bidreg til økt humanitær hjelp i områda rundt Syria, slik at flyktningar i nærområda kan få mat på bordet, at borna får skulegang og at det vert mogleg å byggja arbeidsplassar slik at menneske slepp å utsetja seg for farlege reiser og menneskesmugling over Middelhavet i håp om ei betre framtid.

Kva bok vil du anbefala andre å lesa i, på veg inn i det nye året?

– Erik Lunde: Kristendemokrati: Et forsvar for det ufullkomne samfunnet. Boka gjev ei god innføring i kristendemokratisk ideologi og kvifor kristendemokratiet har mykje å seie i dagens samfunn. Det finst ikkje nokon fullkommen politikk eller noko fullkomme samfunn, men verdiar som det kristne menneskesynet, nestekjærleik og forvaltaransvar kan gje oss eit samfunn som i større grad er prega av menneskeverd, grenselaus solidaritet og berekraft.