Det er varmt, gitt

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne artikkelen skriv vi forsåvidt kvar einaste sommar, for kvar einaste sommar er det varmt ein eller annan plass ein eller annan gong. Men i år har vi til ei forandring ein god grunn til å skrive denne artikkelen, for i år er det varmt overalt heile tida. Varmerekordar blir knuste i nord, sør, aust og vest. Og midt. Vi noterer nye rekordar kvar dag.

LES OGSÅ: Eit tap skal vi takle

For eit par dagar sidan var det for eksempel så varmt i Bergen at folk ikkje eingong orka å godte seg over at det var ein grad kaldare i Oslo. Noko slikt har aldri tidligare skjedd i norsk historie. Under markeringa av Alf Prøysens hundreårsdag denne veka var det så varmt at de verka som om fleire av Prøysen-klassikarane gjekk endå saktare enn vanlig. Og det er faktisk ikkje mulig. I Oslo har alle gjestene i sommar-programma til NRK og TV2 verka sløve og uinteresserte, men det har vist seg å ikkje ha noko med varmen å gjere. Og ikkje minst: I fleire avisredaksjonar landet over har det vore så varmt at sommarvikarane har smelta, så dei fast tilsette journalistane har blitt nødt til å skrive «Det er varmt»-artiklane sjølve.

Slik er det også her. Eg skriv denne artikkelen heilt sjølv, trass i at det er nesten førti varmegrader på kontoret mitt. Heldigvis er eg ikkje på kontoret mitt no. Eg ligg på ein luftmadrass på fjorden. Ein sommarvikar svømmer ved sida av og viftar meg. Ein annan held laptopen for meg og passar på at han ikkje blir våt. Og ein tredje sommarvikar held drinken.

LES OGSÅ: God som gammal

Så alt er klart. Og alle er sysselsette. Så her kjem det:

DET ER VARMT. HER ER NOKRE TIPS TIL TING DU KAN GJERE FOR Å HALDE HOVUDET KALDT I VARMEN

Legg noko kaldt på hovudet.

Ikkje legg noko varmt på hovudet. For eksempel eit strykejern som står på.

Kle deg i for eksempel shorts, bikini eller ingenting.

Ikkje kle deg i for eksempel termodress, boblejakke, skinnhue eller pels.

Klipp deg heilt kort, eller barber av deg alt håret.

Ikkje anlegg for eksempel bart, skjegg eller pels.

Sett deg i skyggen med noko kaldt å drikke.

Ikkje ta med deg ein varmeomn ut, skru han på fullt og sett deg i sola. Hald deg heller ikkje inne, steng alle vindu, skru varmen på fullt og kle deg for skitur.

Ta deg eit forfriskande bad.

Ikkje la vere å ta deg eit forfriskande bad.

Reis til ein kaldare plass. For eksempel Grønland, Island, Færøyane eller Spania.

Ikkje reis til ein varmare plass. Dei finst uansett ikkje.

Ikkje jobb i varmen.

Viss du må jobbe: Få eit par-tre sommarvikarar til å gjere jobben for deg medan du sjølv solar deg og speler rolla som ein slags rettleiar med erfaring og livsvisdom.

Inviter gode venner til eit glas vin eller noko lett å ete på kvelden når sola har gått ned, og bli sittande utover kvelden og natta og ha det hyggelig.

Ikkje inviter dårlige venner til sprit og kakao midt på dagen når det er trettifire varmegrader.

Ta deg ein kald dusj.

Ikkje ta deg ein glovarm dusj.

Slapp av. Ta livet med ro. Kos deg.

Ikkje ver skikkelig stressa. Og ikkje spring maraton to-tre gonger om dagen.

Lykke til. Hald ut. Vi er tilbake med den same artikkelen neste år. Same tid. Same stad.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!