Det er ikkje talent som gjer Fay Wildhagen god

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fay Wildhagen søv med gitaren

Gitaristen
Fay Hau Wildhagen er fødd i 1993, og oppvaksen på Stabekk i Bærum, like utanfor Oslo. Musikkinteressa melde seg tidleg. Då ho var seks år, fekk ho den første gitaren sin, sjølv om ho ikkje begynte å spele så mykje på han før nokre år seinare. I staden var det korsong som vart det første steget i retning musikken. Fay begynte å syngje i kor då ho var åtte, og har halde fram med det sidan.

Då ho var ti, blomstra gitarinteressa opp for fullt. Fay øvde mykje, og vart så opphengd at ho til tider sov med gitaren ved sida av seg i senga. I periodar gjekk ho også lei – men ho fann alltid attende til spelegleda si.

LES OGSÅ: Er han Norges mest munnrappe?

Når ho allereie som 21-åring blir omtala som ein særleg god gitarist, er det ikkje på grunn av talent, ifølgje henne sjølv, men fordi ho har øvd så lenge og mykje.

Forbilde er også viktig når ein jobbar for å bli betre, og Fay sin store helt i oppveksten var gitaristen Slash. Han spelte i Guns n Roses, eit band som var stort på 80-talet og omtrent fram til då Fay vart fødd. Men det var heller ikkje bandet som interesserte den unge gitaristen – berre måten Slash spelte gitar på.

Musikklina
Fay har gått heile skulegangen sin på Oslo By Steinerskole. På vidaregåande gjekk ho musikklina, og det var her artisten i henne endeleg fekk komme fram. Opp gjennom ungdomsåra hadde ho skrive massevis av songar. Etter kvart begynte ho å vise dei til venninnene sine, spele dei med gitar til – men ho ville ikkje opptre framfor eit publikum. Dette endra seg på vidaregåande; ho fekk det for seg at ho måtte tore å gi slepp.

Etter at Fay begynte å opptre, fekk også musikken større rom til å utvikle seg vidare. Fleire folk fekk dessutan auga opp for henne. Valkyrien Allstars spurde henne om å vere oppvarmar for dei, og på Ane Brun sitt album It all starts with one (2011) var ho med som korist.

LES OGSÅ: Odd Nordstoga: – Godt å ikkje berre vera følsam i lilla sjal

I 2012 begynte Fay å jobbe med eigne låtar i studio. Ho fekk med seg fleire andre musikarar, som etter kvart har blitt til eit fast band. I tillegg til dei meir typiske trommer og bass er også fele, cello og trompet viktige instrument i bandet hennar.

Stor scene
Saman med bandet sitt har Fay jobba lenge fram mot albumutgiving. Sommaren 2013 spelte ho på Urørt-scena på Slottsfjellfestivalen. Året etter gjorde ho ein mykje omtala konsert på den vesle Bibliotek-scena på Øyafestivalen.

Førstesingelen We are kom også i 2014, og vart a-lista på P3. På bakgrunn av dette – og kanskje ein sniklytt på albumet – vart artisten booka til både Roskilde, Øya, Træna og fleire andre festivalar sommaren 2015. Albumet Snow kom 1. juni, og fekk god mottaking av kritikarane. Hausten 2015 turnerer Fay Wildhagen vidare, også utanfor Noreg.

LES OGSÅ: Kpop: Meir enn berre «Gangnam Style»