Det dette eigentleg handlar om

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 01.09.2017 13:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Å lyge er aldri særleg lurt, men det er mange måtar å fortelje sanninga på. I 1992 måtte Bill Clinton svare for seg i 60 Minutes, etter at Gennifer Flowers hadde stått fram og fortald at ho hadde vore elskerinna til Clinton i 12 år.

– Er det sant at du hadde eit 12 års langt forhold til Flowers? spurde 60 Minutes-reporteren.

– Det er løgn, svarte Clinton.

Seks år seinare måtte den tidlegare amerikanske presidenten vitne i Lewinsky-saka. Då synte det seg at han hadde hatt eit forhold til Flowers, men han hevda framleis at han aldri hadde loge til 60 Minutes. Lyge hadde han heller ikkje gjort. Forholdet hadde nemleg berre vart i ni år.

Bruker språket

– Bruken av medierådgjevarar breier om seg og maktpersonar møter stadig betre førebudd til intervju, seier Brynjulf Handgaard.

Handgaard har 30 års erfaring med avis-, radio- og fjernsynsintervju, og har arbeidd som journalist, redaktør og kursleiar i NRK. Han har også vore kurshaldar i Riksrevisjonen, og lærar og rettleiar på ulike høgskular.

– Norske toppolitikarar har eit svært medvite forhold til språk, slår han fast.

I 2008 gav Handgaard ut boka Intervjuteknikk for journalister, der han mellom anna tek føre seg metodane medietrente personar gjer nytte av.

– Ikkje lyg, men ikkje fortel heile sanninga, er berre eit av råda maktpersonane kan få, ifølgje boka. Eit anna triks er å leggje inn atterhald i svara, for å omgå realitetane.

LES OGSÅ: – Retorikk blir fort politikk

Brubygging

– Det viktigaste politikarane gjer er likevel at dei bygger ei bru til sin eigen bodskap, seier Handgaard.

Målet for intervjuobjektet er å spore intervjuet inn på ein bodskap ho har førebudd. Oftast vil ho ta tak i premiss, lada enkeltord eller påstandar i spørsmålet frå journalisten.

– No har metoden blitt så vanleg at mange rett og slett gir blaffen i heile spørsmålet, og heller snakkar om det dei har førebudd seg på å snakke om, seier Handgaard.

Dersom lyttaren eller lesaren merkar at politikaren skiftar spor, kan truverdet deira bli svekka. Snedige overgangar er difor viktige.

– Det desidert mest brukte trikset politikere bruker når de bygger bro fra journ. spm til sitt budskap er “Dette handler om…”, tvitra kommunikasjonsdirektør i TVNorge, Svein Tore Bergestuen, i januar.

Ifølgje Handgaard får intervjuobjektet råd om å kommentere spørsmålet kort først, med frasar som “det kan vere tilfelle”, eller “eg er ikkje einig”. Deretter kan ho til dømes følgje opp med “lat oss sjå på dette i eit breiare perspektiv”, eller “det dette eigentleg handlar om er”. Brua er bygd og intervjuobjektet kan leggje fram sin bodskap.

LES OGSÅ: Boring for miljøet

Vage svar

Ein annan viktig metode for å unngå vanskelege spørsmål, er å utnytte det vage i språket.

– Forholdet mellom orda og røynda er ikkje eit ein-til-ein-forhold. Med uklart språk kan politikarane skjule usemje og skaffe seg handlingsrom, seier Handgaard.

– Når ein bedriftsleiar til dømes svarar at dei tilsette er informert om ein situasjon, så er det eit uklårt svar. Ord som å ”informere” kan tyde alt frå at ein epost er sendt ut, til at ein leiar har hatt allmøte med sine tilsette, eller at alle tilsette er kursa. Lyttarane og lesarane anar ikkje kva svaret eigentleg tyder, forklarer han.

Eit anna døme er når politikarar ”ikkje kjenner seg att” i ei skildring.

– Når politikaren svarar slik i møte med kritikk, kastar ho mistanke over utsegna, medan ein sjølv står utan ansvar. Men kva ligg i svaret? Er skildringa feil? Det same gjeld kommentarar som ”det er veldig spesielt”. Hadde politikaren i staden svart at skildringa er uriktig eller uetisk, så måtte dei ha grunngitt si eiga påstand, fortel Handgaard.

LES OGSÅ: Keisarens nye ordklede

Lukka spørsmål

Journalisten sin jobb blir ifølgje Handgaard å konkretisere maktpersonane sine uklåre svar.

– Ofte gir journalistane seg for lett, og lar uklåre utsegn bli ståande utan å be om konkretiseringar. Journalistar har jo òg gode og dårlege dagar, men generelt er det ei verkeleg utfordring for norske journalistar at kjeldene våre vert så medietrente og dyktige, seier forfattaren.

Ei anna utfordring er at journalistar er for glade i lukka spørsmål, der ein ber om enkle ja- eller nei-svar.

– Er det uærleg av maktepersonar å bruke metodar som brubygging?

– Dette er eit typisk ja-eller-nei spørsmål, som syner at vage svar nokre gongar er naudsynt. Eg tykkjer ikkje metodane er uærlege. På veldig få område av livet er det mogleg å svare anten det eine eller det andre. Då er det rimeleg at ein bruker vage uttrykk og tek atterhald. Det er forståeleg at politikarar ikkje vil vere for konkrete, nettopp fordi dei ikkje kan binde seg for mykje, meiner Handgaard.

Faktaboks

I Språkåret 2013 set Framtida.no søkelys på det politiske i språket. Gjennom ei rekkje artiklar vil vi ta føre oss ulike sider ved språkleg makt.

Denne artikkelen handlar om triksa som politikarane bruker for å få fram bodskapen sin, og slepp å svara konkret på spørsmål.

Les fleire saker i serien her!