Det blir tre politidistrikt på Vestlandet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tre politidistrikt i vest

Søndag blei politireforma lagt fram, ei reform som regjeringspartia Høgre og Frp, men også Venstre, KrF og Arbeidarpartiet stiller seg bak.

– Denne breie semja er viktig for politiet. Det sikrar stabilitet og føreseielegheit for arbeidet med tryggleik i kvardagen, seier Anders B. Werp, saksordførar og justispolitisk talsperson i Høgre.

LES OGSÅ: På vakt med hundepatruljen

Fleirtal
– Semja legg til rette for betre kriminalitetsførebygging og etterforsking. Hovudtrekka i nærpolitireforma blir vidareførte og forsterka. Eit stort fleirtal på Stortinget stakar med dette ut kursen for at politiet skal gjere ein enda betre jobb, fortset han.

Reforma inneber at 27 politidistrikt blir til 12. På Vestlandet får ein distrikta Sør-Vest, Vest og Møre og Romsdal. Det nye distriktet Sør-Vest omfattar Rogaland fylke og Sirdal kommune i Vest-Agder. Inntil vidare omfattar distriktet også kommunane lengst sør i Hordaland, fortel Bergens Tidende. Dette distriktet erstattar politidistrikta Rogaland og Haugaland og Sunnhordland.

Politimeisteren i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Steinar Langholm, er glad for at Haugaland og Sunnhordland ikkje blir splitta.

– Vi har alltid meint at Haugaland og Sunnhordland politidistrikt må bestå som eitt beredskapsområde fram til transportløysingar som Hordfast er på plass, seier han til NRK.no.

LES OGSÅ: Politiet skal framleis bere våpen

– Skuffa
Etter planen skal nemleg Stord, Fitjar og Bømlo skal bli ein del av Vest politidistrikt, men med føresetnad om at fastlandssambandet Hordfast må på plass først.

Er ikkje bygginga av Hordfast i gang innan 2023, skal kommunane likevel bli vurdert lagt til politidistrikt Vest, skriv BT. Stord-ordførar Liv Kari Eskeland er skuffa.

– Vi har vore krystallklare på at vi ville til Hordaland politidistrikt. Det vil vere krevjande om ein ny storkommune, beståande av Stord, Bømlo, Fitjar og Tysnes, skal liggje i to ulike politidistrikt, seier ordføraren til Haugesunds Avis.

Slått saman
Det nye distriktet Møre og Romsdal skal omfatte Møre og Romsdal fylke, og erstatte politidistrikta Sunnmøre, Nordmøre og Romsdal. Sogn og Fjordane og Hordaland politidistrikt blir slått saman under namnet politidistrikt Vest.

Ap-politikar og regionslensmann i Sogn Arne Johannsen har arbeidd for ein fylkesmodell. Han seier til NRK.no at han er skuffa over vedtaket, men vil prøve å riste skuffelsen av seg.

– Slaget er tapt. Og som regionlensmann, er det min jobb å kjempe for innbyggjarane i fylket sitt beste i den nye strukturen. Vi har ein viktig jobb å vere med å påverke i den nye strukturen inn mot leiinga i Hordaland. I fellesskap er det jo vi som skal byggje det nye politidistriktet. Eg skal jobbe beinhardt og lokalt for det som er bestemt politisk, seier Arne Johannsen til NRK.no. (©NPK)

LES OGSÅ: Over 2000 drepne av amerikansk politi sidan 2013