≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Nynorsk, Venstre, sidemål, bergen

Det blir nynorskløft i Bergen

Bystyret i Bergen går inn for sidemål i 3. klasse og meir av begge målformer i alle fag.

Anders Veberg
torsdag 28. mai 2015 15.31

Det blir nynorskløft i Bergen Bergen bystyre vedtok i dag at sidemålsundervisinga skal starta allereie i tredjeklasse, og at elevane skal bli eksponert for både bokmål og nynorsk i alle fag. Foto: Ole Amundsen, Flickr CC-lisens

Noregs Mållag jublar etter at bystyret i Bergen i dag vedtok det som kan bli eit solid løft for sidemålsundervisinga.

I framlegget frå ein samla opposisjon står det at sidemålsundervisinga skal starta allereie i tredjeklasse, og at elevane skal bli eksponert for både bokmål og nynorsk i alle fag.

– Det overordna målet er å gjera sidemålsundervisinga meir engasjerande, i tråd med regjeringa si Sundvollen-erklæring, står det i vedtaket frå Bergen bystyre.

Bakgrunn: Vil innføra nynorsk for tredjeklassingar i Bergen

Bergen Høgre foreslo å gjera sidemålsundervisinga i vidaregåande skule valfri. Det forslaget møtte hard motstand i byen som er omringa av nynorskkommunar, og fekk kritikk for å gå imot forskinga på språkopplæring.

– All forsking syner at dersom ein lærer begge målformer, blir ein betre i hovudmålet. Dette vil ikkje styrka norskopplæringa, og er eit reint populistisk forslag frå Høgre, fullt av forakt for dei som ikkje er med i fleirtalet, sa Astrid Olsen, leiar i Hordaland Mållag, til NRK då forslaget kom.

Ein samla opposisjon reagerte med å gå imot vedtaket, på initiativ frå Venstre.

– Bergen er nynorskhovudstaden i Noreg. Me må visa den stoltheita og tilhørsla me har til Vestlandet, sa Erlend Horn (V) om å gå imot Høgre sitt forslag.

I dag fekk Bergen Venstre viljen sin:

 

– Me seier til lukke! No byrjar det å likna hovudstadstendensar, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

Ho har tidlegare vore kritisk til språkpolitikken i Bergen, og meint dei har tatt for lite ansvar for nynorsken. No er inntrykket annleis.

– Opposisjonen syner at det heilt klart finst rom for ny språkpolitikk i Bergen. Det er bra at Høgre sitt forslag vart nedstemt, og at opposisjonen sto samla og svara så offensivt lovar bra for nynorskhovudstaden.

Aakre Tennø har sakna ein slik innfalsvinkel i språkpolitikken, og meiner den blå sida har vore mest oppteken av å sjå om fritak frå sidemålet fungerer. Ho håpar at Bergen sitt vedtak vil gjera sidemålsundervisinga betre. No håpar ho på domino-effekt.

– Bergen skil seg ut, men ikkje så mykje om ein samanliknar med Ålesund og Stavanger, der det også er nynorsk i stor grad i områda rundt. Forslaget som låg på bordet frå Høgre ville skapt ei bokmålsoase, medan dei rundt skulle lært nynorsk. Det ville vore ein håplaus situasjon, seier Aakre Tennø.

LES OGSÅ: – Køyr på med nynorsk, Bergen!

Dette er vedtaket som vart gjort i Bergen bystyre i dag:

Alternativt forslag til vedtak på vegner av Venstre, KrF, SV, MDG, BY, SP, Raudt, Arbeidarpartiet og Morten Myksvoll (tidlegare Frp) som er uavhengig.:

1. Bystyret meiner det er eit overordna språkpolitisk mål at elevane i Bergensskulen har god kjennskap til og kompetanse i både bokmål og nynorsk. Bystyret ber difor byrådet kontakte sentrale styresmakter med sikte på å utgreie eit forsøksprosjekt som skal auke elevane sin kompetanse i både hovud- og sidemål. Forsøket skal bygge på to pilarar: at elevane får sidemålsopplæring frå 3. klasse, og at elevane blir eksponert for både bokmål og nynorsk i alle fag. Det overordna målet er å gjere sidemålsundervisinga meir engasjerande, i tråd med regjeringa si Sundvollen-erklæring.

2. Forsøksprosjektet må følgjast tett med fortløpande evaluering og følgjeforsking, og bystyret ber om at komité for oppvekst jamnleg blir orientert.

3. Bystyret ber byrådet om å bli presentert for eit slikt forslag med sikte på igangsetjing av forsøksprosjektet på inntil tre skular i løpet av komande skuleår. Forslaget må seie noko om omfanget på prosjektet.

Kjelde: Noregs Mållag på Facebook.


Oppdatert: torsdag 28. mai 2015 15.53
Kommentarar

Det blir nynorskløft i Bergen
Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag er nøgd med vedtaket til bystyret i dag. – Opposisjonen syner at det heilt klart finst rom for ny språkpolitikk i Bergen, seier ho. Foto: Noregs Mållag


 
ANNONSE: