Desse vann Brageprisen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Inga Sætre vann Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok med teikneserieromanen Fallteknikk, utgjeven CappelenDamm. Prisen blei delt ut av kulturminister Anniken Huitfeldt.

Biografien Hulda Garborg – Nasjonal strateg, skriven av Arnhild Skre, fekk Brageprisen i open klasse.

I klassen for sakprosa kjempa dei utflytta ølensbuane Erika Fatland og Agnes Ravatn, men her var det Simen Ekern som fekk prisen for Roma. Nye fascister, røde terrorister og drømmen om det søte liv.

Og i klassen for skjønnlitteratur var det Tomas Espedal som vann prisen, for Imot naturen.

Heidersprisen gjekk denne gongen til Kolbein Falkeid, lyrikaren frå Haugesund som mellom anna står bak mange av tekstane som gruppa Vamp har sett tonar til.

Sjå reaksjonane på Brageprisane på Twitter: