≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: språk, språkrådet

Desse orda brukar vi feil, meiner Språkrådet

Språkrådet kårar ikkje berre årleg det beste nye ordet. No har dei laga ei liste med fyord.

NPK
onsdag 3. februar 2016 21.45

Desse orda brukar vi feil, meiner Språkrådet Illustrasjon: Språkrådet

Nokre av orda er brukte så ofte at dei nesten har mista meining si, meiner rådet.

– Vi har laga denne kåringa for å slå eit slag for gode norske uttrykksmåtar. Orda på lista er ofte upresise og ulne, og det kan gå ut over bodskapen, seier rådgjevar i Språkrådet, Erlend Lønnum til NRK.

Språkrådet understrekar at kåringa er uvitskapleg, subjektiv og uhøgtideleg. Men ho er sakleg. På lista er desse orda: «utrolig, sykt, sinnsykt», «viktigheten av», «omforent», «tenke at», «adressere en problemstilling/møte et krav», «prosess» og «robust».

Sistnemnde ord er etter rådet si meining i ferd med å bli brukt opp. Slike honnørord går i bølgjer og når etter kvart eit mettingspunkt der dei verkar slitne og tomme, skriv Språkrådet, og oppmodar om å byte ut slike ord.

– Lista er ikkje eit forbod mot å bruke desse orda. Det er heller ei oppmoding om at dei som brukar orda, tenkjer seg om og prøver å finne betre måtar å seie det på, seier Lønnum. (©NPK)


Oppdatert: torsdag 4. februar 2016 08.33
Kommentarar

Desse orda brukar vi feil, meiner Språkrådet
Bruken av tomme moteord går ut over bodskapen, seier Erlend Lønnum i Språkrådet. Foto: Språkrådet


 
ANNONSE: