Desse kastar mest grønsaker

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det går fram av ei undersøking Norstat har gjennomført for frosenmatprodusenten Findus, fortel Nationen.

LES OGSÅ: Søppel på menyen

Gode intensjonar
Undersøkinga viser klare generasjonsskilje når det gjeld matsvinn. Medan folk over 50 år er minst miljøbevisste, er det dei som kastar minst mat. Halvparten av dei spurde i denne kategorien seier dei kastar ferske grønsaker minst ein gong i månaden. Til samanlikning seier heile åtte av ti under 30 år at ferske grønsaker går i søppelbøtta så ofte.

– Dei yngste har best intensjonar, men er ikkje like flinke i gjennomføringa, seier marknadsdirektør Trude Solvang i Findus.

LES OGSÅ: – Mat må verte viktigare

Matverdi
Forskar Tommy Ose ved Universitet i Oslo som tek doktorgrad om matkasting, meiner forklaringa heng saman med ulik motivasjonsgrunnlag.

– Unge kan sjå det ut frå miljømessig perspektiv, medan for eldre har maten oftare ein verdi i seg sjølv. Dei har ikkje vakse opp med overflod av mat som dei yngre, seier han. (©NPK)