Desse elevane får surfe i skuletida

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Næringslivet i kommunen har sponsa ordninga som gjer at elevar frå både Stadlandet og Selje ungdomsskule får tilbod om å lære seg å surfe i Hoddevik i gymtimane dei neste tre åra, skriv Fjordenes Tidende.

I haust blei ordninga gjennomført som eit pilotprosjekt for den eine skulen, noko som vart ein stor suksess.

Initiativet kjem frå Calle Magnusson i Ervik surfshop. Han flytta til Stadlandet for fire år sidan og er oppteken av å bidra i lokalsamfunnet. Til saman har Magnusson samla rundt ein million kroner, noko som sikrar at surfing blir ein del av kroppsøvinga på skulane heilt fram til 2019. Han rettar ei stor takk til Lapoint Surf Camp i Hoddevik, som er den største sponsoren.

– Det er på grunn av dei at vi greier å gjennomføre dette. Dei stiller med gratis utstyr over tre år og det er verdt meir enn 800.000 kroner, fortel Magnusson.

I tillegg bidreg verksemder frå heile Selje kommune med pengar som skal betale for instruktørar. Opplegget inneber at kvar elev vil få surfe- og svømmeopplæring i bølgjene i det lokale surfemekkaet Hoddevik minst seks gonger per år.