≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Forsking

Derfor gret du av lukke

Det har vore vanskeleg å forklara kvifor me reagerer på sterke, positive ting med tårer. Fram til no.

Anders Veberg
fredag 14. november 2014 09.43

Derfor gret du av lukke Det har ikkje vore nokon god forklaring på kvifor me gret av lukke, før no. Foto: Colourbox.com

Eit fenomen som er naturleg, men vanskeleg å forklara, har forskarar ved Yale-universitetet gått i djupna på. Kvifor reagerer mange på lukkelege augneblink, som store gjensyn eller bryllaup, med å tørka tårene?

LES OGSÅ: Kan hjernen bli full?

Psykologen Oriana Aragon ved Yale-universitetet i USA lurte på dette, og vart overraska over å ikkje finna noko svar. Ho tok til på arbeidet, og etter ei lang rekke har ho funne ei mogleg forklaring.

Det handlar om balanse, ifølgje Yale sine heimesider.

– Det kan vera at folk kjem i balanse med desse uttrykka. Det hender når folk er overvelda av sterke, positive kjensler, og dei som gret av lukke ser ut til å samla seg raskare frå dei sterke kjenslene, seier Aragon til heimesida. Dette forklarar og kvifor sterke negative kjensler kan bli møtt med positive kjenslereaksjonar, som til dømes smil eller latter.

I tillegg til dette fann Aragon ut ein ting til – dei som mest truleg gret av lukkelege situasjonar er dei same som ikkje klarar å lata vera å klypa ein baby i kjaken.

LES OGSÅ: Ungdom treng faktisk meir søvn


Oppdatert: fredag 14. november 2014 09.45
Kommentarar



 
ANNONSE: