≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Musikk, song

Denne klassen syng nesten kvar dag

– Det er trist at ikkje alle får synga så ofte som me, seier Odin Steinnes Kårbø (13). SJÅ VIDEO!

Svein Olav B. Langåker
måndag 15. mai 2017 13.34

Denne klassen syng nesten kvar dag Frå venstre: Lea Bjelland, Kjersti Grønås Betten, Farah Siyam, Kristoffer Egeland og Mykola Pukhniwskyi og resten av 7.klassen ved Tjødalio skule opnar dagen med å synga med lærar Jørgen Belt. Foto: Henrik Mundal Andreassen/Sunnhordland

Sjå video nedst i saka!

– Det er kjekt å syngja, og bruka stemma til noko anna enn å snakka og skrika, seier Lea Valvatne (13).

Ho går sjuande trinnet på Tjødnalio skule på Stord. Her byrjar elevane nesten kvar dag med songar dei har lært seg utanåt.

I ei undersøking Framtida.no og Pirion har gjennomført, viser det seg at berre kring halvparten av norske barneskuleelevar syng kvar dag på skulen. 80 prosent syng minst éin gong i veka.

Valvatne er samd med klassekameraten Odin Steinnes Kårbø i at dei er heldige som får syngja nesten dagleg.

I tillegg er det jamleg songstund for alle elevane på skulen.  

LES OGSÅ: Lærer ikkje nasjonalsongen på skulen

Frå venstre: Iselin Bjelland (13), Kristian Siqveland-Nilsen (12) og Lea Skåla (13) synest det er ein fin start på dagen å syngja. Foto: Henrik Mundal Andreassen/Sunnhordland

Vanskeleg «Ja, vi elsker»
Når me spør elevane om å syngja nasjonalsongen, så stemmer alle i. På neste verset blir det verre.

– Er det ikkje noko med «Norske mann i hus og hytte»? spør Lea Skåla (13).

Det nest siste verset er ofte brukt som det andre verset i nasjonalsongen, så ho har rett i det.

– Kva synest de om språket i «Ja, vi elsker»?

– Det er veldig fint, men litt vanskeleg, seier Iselin Bjelland (13).

LES OGSÅ: – Syng lyst og sakte for å få med borna


Oppdatert: onsdag 17. mai 2017 18.56
Kommentarar



 
ANNONSE: