Denne filmen fekk læraren til å grina

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Filmen fekk læraren til å grina

Saka var først publisert i Bladet Sunnhordland.

Andrea Maud Ottesen Mjønes i 9B på Nysæter ungdomsskule har hovudrolla i mobbefilmen som du kan sjå her. Like etter haustferien ville kontaktlærar Trine Gravdal utfordra HSH-studentane Rolf Litsheim og Marita Vassnes då dei skulle undervisa elevane i faget kunst og handverk. Det har resultert i fleire forseggjorde videoar med mobbing som tema.


Trine Gravdal (til venstre) utfordra elevar ved Nysæter i å laga ein film om mobbing. I ettermiddag går ho i fakkeltog på Leirvik saman med Christine Presthaug Vørøs (i midten) og Irene Presthaug. Foto: OLAV RØLI

LES OGSÅ: Ingen greip inn då Julie (16) vart mobba

Fekk bestemma sjølv
– Verkemiddelet var digitale verktøy, og dei blei rettleia inn mot temaet mobbing. Me gav elevane ei ramme der dei skulle få fram verkemiddel, overgangar, kameravinklar og lyd. Elevane fekk fire skuletimar på seg, og resten måtte gjerast heime. Og dei har verkeleg stått på, seier Gravdal stolt.

I videoen kan me følgja ein elev frå ho står opp om morgonen til ho kjem på skulen der ho blir stengt ute frå resten av elevmiljøet. Elevane har jobba i grupper, og har fått styra alt innhald så lenge dei har følgt rammene gjeve på førehand.


Andrea Maud Ottesen Mjønes har hovudrolla i filmen som fekk toppkarakter på Nysæter ungdomsskule. Skjermdump frå filmen.

LES OGSÅ: Kritisk til mobbeprogram i skulen

Premiere med raud løpar
– Filmane er hundre prosent deira haldningar og synspunkt om mobbing. For eit par veker sidan hadde me filmpremiere med raud løpar og sjampanjebrus i glasa. Denne filmen fekk toppkarakter, fortel kontaktlæraren.

– Eg som lærar feller ei tåre kvar gong eg ser denne filmen. Eg viste også fram filmen på foreldresamtalar, og merka at også dei blei rørt. Eg håpar dei neste elevane som kjem har dei same haldningane som denne gjengen, fortel Gravdal.

LES OGSÅ: Lærer å mobba på skulen

Går i fakkeltog
Ho er ein av initiativtakarane til fakkeltoget mot mobbing som går frå torget på Leirvik i ettermiddag og held kurs for Storddøra.

– Me kan ikkje berre stå på sidelinja, slik me ofte gjer på denne øya. Og mobbinga kan ikkje berre fortsetja. Alle oss har anten ungar sjølv, nieser og nevøar, vener og venninner med ungar, og me kan ikkje godta at det går føre seg mobbing, sa Irene Presthaug, også initiativtakar, til Sunnhordland i går.

Også 9A og 9C ved Nysæter lagar filmar om mobbing. Sistnemnde klasse er i gang med filming denne veka.