Den oppriktige

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kindness valde namnet etter eit opphald i Philadelphia i USA, der han møtte eit ope og imøtekommande musikkmiljø. Men musikkinteressa var til stades før han reiste så langt.

LES OGSÅ: Speledame blant spelemenn

Familien
Alan Bainbridge vaks opp i Peterborough i England. Foreldra hans var svært musikkinteresserte. Dei møttest i Spania, der faren jobba som dj på eit diskotek – medan mora var indisk sørafrikanar, mest oppteken av jazz og blues. Seinare flytta dei til England saman og starta familie.

Då Alan var tenåring, vakna musikkinteressa også hos han. Å leite seg fram til ny musikk og diskutere han med vennane vart ein favoritthobby. Han begynte også å spele bass i eit band, men det likte han ikkje så godt. Lysta til å eksperimentere var ikkje like sterkt til stades hos bandkompisane som hos Alan Bainbridge.

I staden søkte han seg tidleg i 20-åra inn på ein musikar-residens ved The Philadelphia Institute of Advanced Study. I løpet av éin månad i mai 2007 jobba han med å skape og spele inn eit album som fekk namnet Live in Philly. Han fann inspirasjon i byen, og i musikk som tidlegare hadde blitt skapt der, og samarbeidde med lokale musikarar. Albumet finst berre som nedlastbar mp3-fil, og er aldri utgitt på noko plateselskap. Men det var slik musikkprosjektet Kindness starta.

LES OGSÅ: Rocketerapien

Inspirasjonskjelder
Etter våren i Philadelphia flytta Alan til den tyske hovudstaden Berlin. Han skreiv songar og leitte etter nokon som kunne vere vokalist i Kindness. Sidan han ikkje fann nokon passande, bestemte han seg for å vere vokalist sjølv. Den første songen han spelte inn, var Swingin' Party, ein låt frå 1985, laga av The Replacements. Han spelte han inn på laptopen sin – men eigentleg ønskte han nettopp ikkje å lage musikk på denne veldig samtidige måten. Kindness skulle vere musikk laga i studio, på «gamlemåten».

Den franske produsenten Philippe Zdar, frå duoen Cassius, forstod dette. Han forstod også måten Alan laga musikk på, sterkt inspirert av den varierte musikken han lyttar til. Swingin' Party var nemleg blitt ein hit på Internett etter utgivinga på Moshi Moshi Records i 2009, og Kindness vart av og til skulda for å ironisere over musikken han refererte til. Zdar og Bainbridge gjekk i studio saman.

LES OGSÅ: Egil Olsen – no også i dataspel

I 2011 kom singelen Cyan, og albumet World, You Need a Change of Mind kom våren 2012. Her fanst mellom anna ein cover av kjenningsmelodien til den gamle tv-serien Eastenders, som nok ein gong sette i gang ironi-diskusjonen. Men Kindness er det motsette av eit ironisk prosjekt, seier Bainbridge; både band- og albumnamnet går imot ei slik distansert haldning.

I 2013 var Bainbridge med på å produsere og utvikle det kritikarroste Cupid Deluxe-albumet til kompisen Dev Hynes. Han har også regissert musikkvideoen til Blood Orange-låta Chamakay, i tillegg til fleire av sine eigne videoar. Sommaren 2014 kom Kindness-singelen World Restart, eit samarbeid med songarane Kelala og Ade. Albumet Otherness, i kjent sjangerblanda og dansbar stil, var ute tidleg i oktober.

LES OGSÅ: Hipsterparadokset