Den grøne kyrkjebølgja

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ei grønoppvakning, meiner Elise Lindtner Sæle, barne- og ungdomsarveidar i Eidfjord kyrkje, som er ein av stadig fleire klimamedvitne kyrkjetilsette.

Denne søndagen er det pilegrimsvandringar og friluftsgudstenester i store delar av landet. Både Svalbard og Eidfjord i Hardanger, står på arrangementslista til nettstaden Klimapilegrim 2015.

2015 er ikkje som alle andre år. I desember møtest verdas toppleiarar i Paris for å verte einige om ein ny internasjonal klimaavtale, som skal regulere utsleppa frå alle landa.

Dette har òg kyrkjemiljøa merka seg.

LES OGSÅ: Ny klimafestival

Vandrar mot Paris
Klimapilegrim 2015 er eit samarbeid mellom anna Den norske kyrkja og organisasjonar som Kirkens Nødhjelp, KFUK-KFUM, Changemaker og ACT now for climate justice.

Fram mot klimatoppmøtet i Paris i desember skal kristne vandra ut – for klimaet. Landet over vert det arrangert lokale klimaturar og utegudstenestar. Den lengste turen går frå Nordkapp via Olavsfestdagane i Trondheim – og vidare til Oslo. Derifrå går pilegrimsvandringa til Strømstad på svenskegrensa den 22. august, der svenskane held fram ferda mot Paris.

Klimapilegrim er ei nasjonal, tverrkyrkjeleg mobilisering for klimarettferdigheit som er ein del av eit større internasjonalt prosjekt. Målet er å undervegs samle underskrifter og rette merksemd mot ein rettvis klimaavtale, som tek omsyn dei fattige i verda som vert hardast råka av klimaendringane.

Prosjektleiar i det økumeniske tiårsprosjektet Skaperverk og bærekraft (SoB) Per Ivar Voje samanfattar bodskapen i den moderne pilegrimsvandringa slik: «Eg vil ha ein rettvis klimapolitikk der Noreg bidreg med mindre utslepp og meir pengar.»

LES OGSÅ: Oljeselskap vil betale for CO2-utslepp

Høglydt protest
Prosjektleiaren for SoB kan fortelje om ei varierande, men veksande interesse for miljø og klima i norske kyrkjelydar.

– Me ser stadig teikn på at bodskapen om at me òg har ei rolle å spele på den politiske arenaen får meir gjenklang i stadig nye leirar, skriv Voje i ein epost til Framtida.

Han meiner å sjå ei grøn bølgje i kristne miljø, men peikar på at det ikkje er noko nytt at dei engasjerer seg i dette og viser til Frelsesarmeen sin gjenbruksbutikk Fretex og den naturglade speidarrørsla.

– Politisk påverknadsarbeid er nok likevel det som har blitt møtt med størst skepsis. Det er ein fare for å bli for detaljert og «partipolitisk» ved å peike på løysingar. Samstundes er det ei aukande forståing for at kyrkjene har ei stor rolle i å mobilisere eigne medlemmer, skapa endringar innanfrå, og gjennom dette òg påverke samfunnet og politikarar til å ta riktige val. Og nokre gonger må me bruka utestemma for å protestere mot urett og øydeleggingar, seier Voje, som trur årets satsing vil gje ekstra vind i segla til eit slikt kyrkjeleg samfunnsengasjement.

– Kvifor engasjerer kyrkja og andre kristne organisasjonar seg i klima og miljø? 

– Kortforma er at Bibelen og vår tru er tydeleg på at skaparverket har ein eigenverdi og at menneskjeverdet er likt for alle menneskjer. Bibelen er òg hard i si fordømming av dei som ikkje bryr seg om dei fattige og dei som lir. Difor kan me ikkje vere likegyldige til at skaparverket øydeleggjast og menneskjer lir allereie no under klimaendringane. I Noreg har me både stor velstand og samstundes eit enormt klimafotavtrykk. Dette gjev oss eit stort ansvar for å gjere noko med saka: snu vår avhengighet av fossil energi, kutte eigne utslepp og finansiere tiltak i fattige land, slår Voje fast.

Han meiner at å løfte fram desse verdiane frå sin preikestol er ein naturleg del av kyrkja sitt virke.

LES OGSÅ: Melder seg ut av kyrkja i olje-protest

Konkrete handlingar
Elise Lindtner Sæle i Eidfjord kyrkje har merka seg den grøne bølgja i kyrkjemiljøa mellom anna fordi stadig fleire vert såkalla grøne kyrkjer.

– Det er mykje engasjement for klima i kyrkja. Eg trur det har med at kyrkja er oppteken av forvaltaransvaret, sidan det står forkynt at ein skal ta vare på skaparverket, meiner barne- og ungdomsarbeidaren.

Førre helg var ho på tur med ei gruppe klimapilegrimmar i alderen 11-13 år, i tillegg til vaksne og juniorleiarar. På vegen frå Eidfjord til Ulvik fredag 29. til søndag 31. mai, skulle vaksne og born ha med seg minst mogleg emballasje. Godteri måtte i plastboksar, heimebaka brød i kjøkkenhandkle, mjølka kom i spann frå ein lokal gard og serviset var ikkje eingongs – som det ofte er på slike turar når kyrkjelyden har arrangert dei før.

Pilegrimstur er nemleg ikkje noko nytt i Eidfjord, men Sæle var begeistra for klimafokuset og fortel om mykje entusiasme frå deltakarane, som hadde hatt fleire klimasamlingar på førehand.

Alt avfall skulle resirkulerast og restavfallet som vart att etter 30 personar i løpet av ein dag skulle ned i eitt syltetøyglas. Det viste seg å vere fullt mogleg, og syltetøyglaset vart langt ifrå fullt. Det heimelaga oppvaskmiddelet og mjølk rett frå garden var òg suksess.

LES OGSÅ: Global uro får fleire til å gå i kyrkja

Vinklar bodskapen positivt
Erfaringane frå pilegrimsturen skal presenterast under klimavandringa til kyrkjelyden den 7. juni, saman med mellom anna erfaringar frå nokre svært miljømedvitne bønder og eit innlegg om klimadulting – som handlar om å leggje til rette for gode val i kvardagen.

– Me ville gjera noko praktisk og ikkje berre fokusera på dårleg samvit fordi me menneskjer øydelegg klimaet. Liturgiane me har fått har mykje fokus på anger og skuld. Me har bestemt oss for å gå litt vekk frå dette og vinkle det meir positivt, slik at me kan sjå meir på kva konkret ein kan gjera. Eg trur at folk vil bidra og vert glade når dei kan gjere noko konkret, framfor å berre ha dårleg samvit, seier Sæle, som vonar kyrkjelyden sit att med ei positiv kjensle av at dei sjølv kan bidra i sin heim, sitt lokalsamfunn og gjennom sine politikarar.

LES OGSÅ: – Me bør produsera meir frå norsk industri, ikkje mindre