Den fyrste partisong eg høyra fekk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den fyrste parti- song eg høyra fekk

Det var ein periode i mine tidlege tjueår at eg og ei veninne av uforklarlege årsaker igjen og igjen sat på bar i Bergen og blei uvener fordi me – ufrivillig? – begynte å diskutere det ufruktbare spørsmålet om det er slik at mennesket har ein fri vilje. Mitt standpunkt var at mennesket nesten ikkje hadde fri vilje, og iallfall mykje mindre enn det me sjølve trur. Mi motdebattantinne hadde derimot eit nesten provoserande romsleg syn på ein eventuell fri vilje (ja vel, så kvifor gjer du då ingenting med den elendige livssituasjonen sin, tenkte eg alltid då, i mitt stille sinn), og slik blei me sitjande og stire mørkt ned i kvar vårt glas utan å kome vidare.

Heldigvis har eg langt på veg slutta å interessere meg for denne problemstillinga, men kvar gong det nærmar seg eit kommune- eller stortingsval, får likevel spørsmålet ny aktualitet. Som eg vedgjekk i første del av denne føljetongen, har eg røysta SV ved kvart einaste val så lenge eg har hatt røysterett. Eg skal ikkje gå så langt som å påstå at eg annakvart år stolprar meg som ei piska SV-ku inn i stemmebåsen, men det som det derimot er mogleg å stille spørsmål ved, er kor dei tydelegvis svært slitesterke SV-sympatiane mine eigentleg kjem frå.

Ved universitetet i Michigan sat det på 50-talet ein gjeng sosialpsykologar og lurde på korleis det kunne ha seg at folk hadde svært sterke meiningar om utanrikspolitikk, trass i at dei fleste av dei nødvendigvis måtte ha ein nokså mangelfull kompetanse på feltet. Dette blei utgangspunktet for den såkalla Michigan-modellen, ein av dei viktigaste valforskingsteoriane og som svært forenkla går ut på at veljarar i ein tidleg fase av livet dannar eit psykologisk band – kalla «partiidentifikasjon» – til eitt bestemt parti og politikken til dette partiet. Endå meir forenkla: Ein partipolitisk lojalitet går i arv frå foreldre til barn.

I dag kan ein nesten få inntrykk av at den typiske veljaren er ein notorisk utru gullfisk som røystar i hytt og vêr, frå sak til sak og utspel til utspel, og at alt blir avgjort under valkampen. Iallfall er det slik media prøver å framstille oss. I Noreg var partiidentifikasjonen svært sterk fram til klassesamfunnet etter 1960 gradvis gjekk i oppløysing. Men partiidentifikasjon kan vere seigliva saker. Høgare funksjonærar med arbeidarforeldre røysta til dømes i liten grad Høgre, men identifiserte seg med Ap.

I 1960-åra sa heile 70 prosent av veljarane at dei identifiserte seg med eitt bestemt parti. Dei gjekk rundt og tenkte på seg sjølve som «arbeidarpartimann» og «høgrekvinne» og så vidare. Rundt EF-folkerøystinga i 1972 sokk talet nordmenn som sa at dei identifiserte seg med eitt enkelt parti. Så svinga det opp og ned i nokre tiår. Men i 2009 snudde det. Ikkje på tjue år hadde så mange røysta det same som dei røysta ved førre stortingsval, og «berre» 39 prosent endra parti. Dei største veljarovergangane gjekk frå Venstre til Høgre og mellom regjeringspartia.

 

Fekk eg Erik Solheim og Stein Ørnhøi inn med morsmjølka? Eg hugsar tydeleg korleis eg heldt på å dåne kvar gong eg fekk vite at nokon var Høgre-politikarar heime i Ølen, og hadde problem med å sjå dei i augo etterpå. Eg kjem aldri til å gløyme den sorga eg kjende då eg fann ut at den ufatteleg greie helsesøstera var lokalpolitikar for Høgre, ho som var så snill!

Eg ringjer den tre år eldre bror min, som eg veit stod på lista til Venstre eit år, for å høyre korleis han greidde å vri seg ut av det partipolitiske klamme grepet til foreldra våre.

– Nei, det var berre fordi volleyballtrenaren min førde meg opp på lista, svarar han. – Eg har for det meste røysta Ap og SV.

– Men du er datamaskinmillionær, du har alt å tene på å stemme Høgre.

– Ja, men det er vel eit verdigrunnlag som eg har med meg frå barndomen.

Nei, nei. Så er heller ikkje bror min upåverka av lærarforeldra våre. Me legg på.

QUIZ: Kva veit du om SV?

Eg følgjer med på politikk, høyrer og ser debattar, men til kva nytte? Det spelar aldri noka rolle kva dei ulike politikarane står der og seier. All min persepsjon av det som dei ulike partirepresentantane seier, blir evaluert ut frå det eg alt meiner. Og dersom eg blir positivt overraska over ein Høgre-politikar, er det på same tid negativt, fordi eg helst vil at dei ufrivillig skal avsløre seg som dei blodsugande, hjartelause svina dei eigentleg er, i kvar einaste debatt dei stiller i (meir om venstresidas syn på høgresida og omvendt kjem seinare i denne føljetongen), slik at den herlege kjensla av oppfylte forventningar og stadfesta fordomar kan inntreffe.

– Ein fotballanalogi er jo at ein held med det laget ein alltid har halde med, sjølv om ein flyttar, seier valforskar Frode Berglund, som har skrive boka Partiidentifikasjon og politisk endring.

– Men sidan det no eingong er snakk om politikk, så er jo det å stemme noko litt anna enn å gå på fotballkamp. Iallfall i prinsippet.

– Eg har stemt SV ved absolutt alle val. Trur du eg stemmer SV fordi eg er einig i SVs politikk, eller trur du eg er einig i SVs politikk fordi eg stemmer SV?

– Det blir litt vanskeleg for meg å seie. Eg trur ikkje du er determinert, nei. Men eg synest jo ikkje du skal stemme noko anna enn SV, berre for å gjere det, dersom det faktisk er SVs politikk du er mest samd i.

– Men kva veit vel eg om kva eg er samd i!

– Nei, men den dagen SV seier ting som utfordrar deg, så vil du kanskje begynne å sjå deg litt om. Men dersom du ikkje er så glad i Arbeidarpartiet, då har du jo eit problem.

– Ja, eg sit jo i saksa.

– Men som vestlending med lærarforeldre høyrest du jo ut som eit potensielt venstremenneske.

– Eg har eigentleg aldri vore så begeistra for liberalisme, seier eg, for å demonstrere at eg er i stand til å danne eigne synspunkt.

– Ikkje ein gong sosialliberalisme? seier Berglund.

Les siste nytt om valet her!

Sosialliberalisme, tenkjer eg, slår raskt opp i det evinnelege Wikipedia, skumles: «… oppstod som ein reaksjon mot dei sosiale forskjellane i England på 1800-talet … ønskjer i motsetnad til den klassiske liberalismen å bruke reguleringar og omfordeling … skil seg frå sosialdemokratiet og sosialismen ved at han er meir open for kapitalismen …» Eg har aldri høyrt noko meir perfekt. Å nei! Alt på veg mot å stemme kling-klang-partiet Venstre! Nei, nei, nei. Inga boklov, porno i kvar krik og krok. Alle asylbarn skal få lov til å bli, men berre dersom dei tek seg arbeid i strippenæringa. Ulovleg nedlasting. Kjenner det tetne seg til i brystet. Biletgooglar Hanna Kvanmo raskt – ah. Takk og lov. Atter kalibrert.

– Så ta ein kikk på tabell 6.6, du, seier Berglund.

Tabell 6.6? I same augneblink får eg tilsend ein artikkel. Tabell 6.6 liknar eit vakkert, stilisert vestlandslandskap i akvarell. Dramatiske fjell som stupar ned i fjorden, ein nypløgd åker. Eigentleg er det ein tabell som viser den direkte innverknaden av sosial struktur og ideologi på valåtferd. Han viser til dømes at ideologi var ekstremt viktig i 1977, før det gjekk nedover og nedover, før ideologien utover 2000-talet atter blei svært viktig. Kva yrke ein har, er litt mindre viktig, men følgjer same mønster: har ein god del å seie fram til slutten av 70-talet, før det dala og dala, før det begynner å stige igjen på 2000-talet.

– Det me fann, var at veljarovergangane går føre seg mellom parti som ligg politisk nær kvarandre. Ideologiske orienteringar er blitt viktigare. Og særleg fire ideologiske dimensjonar er svært stabile. Det er offentleg styring versus private initiativ, det er økonomisk vekst versus miljø-politikk, det er ein religiøs–sekulær konflikt og til slutt det som går på innvandringspolitikk, avsluttar Berglund.

Desse ideologiske dimensjonane kan eg nikke svært attkjennande til. Men kvifor? Det er ikkje anna å gjere enn å gå til kjeldene. Eg ringjer lærar-mor mi, som ved fleirfaldige høve opp gjennom barndomen heldt flammande innlegg om skulepolitikk til meg. Er ho villig til å ta på seg litt av ansvaret for min sterke privatiseringsfobi i dag?

– Me er jo partifellar –

– Kva veit du om det?

– Kom an. Dersom du skal gå i deg sjølv, har du prøvd å presse partipolitiske sympatiar og antipatiar over på meg og bror min?

– Nei, altså, nei … seier mor mi og reinskar halsen, kjenner seg tydeleg pressa. – Nokre antipatiar og sympatiar vil jo alltid tyte ut. Men eg synest ikkje me har prøvd å pushe eitt spesielt parti.

– Greitt, men er det nokon verdiar du og pappa har vore spesielt opptekne av å vidareføre til oss?

– Nja, me har jo dette med solidaritet, miljøvern, fordeling av goda, fagforeiningsarbeid …

– Dette peikar jo veldig i retning av eitt bestemt parti …

– … Sosial utjamning, likestilling, skulepolitikk …

– Ville du blitt skuffa dersom eg fortalde at eg plutseleg hadde fått ei sterk tru på privatskular og røysta Høgre?

– Nei, skuffa. Livet gir så mange slag, seier mor mi. – Og det er jo noko med at kattungar får augo.

Med denne poetiske metaforen legg me på. Det viser seg igjen og igjen. Arv og miljø kan aldri overvurderast. Fri vilje er ein illusjon.

Les artikkelen i Dag og Tid!