Den aller sterkaste kvinna

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Marie Veslestaul (33) beviste i helga at den psykiske og fysiske styrken hennar er av det heilt sjeldne slaget. Øyfjellingen bruka 55 timar på å fullføre eit tredobbelt ultratriatlon-verdsmeisterskap, som fyrste norske kvinne og yngste kvinne i verda.

Denne saka stod først på trykk i Vest-Telemark blad.

Sundag passerte Marie Veslestaul målstreken etter å gjennomført Triple Ultra Triatlon i Lehnsahn, Tyskland. Då hadde ho sumt 11 kilometer, sykla over 50 mil og avslutta med å springe 126 kilometer. Tre gonger så mykje som eit «vanleg» Ironman-triatlon.

Det tok 55 timar, litt lenger enn ho hadde tippa det kom til å ta – utan at ho er skuffa av den grunn. Det blei 55 lange timar der Veslestaul ikkje søv, og stort sett heldt seg på føtene. Andre utøvarar fekk seg ein time på auget, men det torde ikkje øyfjellingen. Då var ho redd det kunne bli for tøft å koma seg opp att. 

LES OGSÅ: Sterke jenter i skotet

Som fyrste norske kvinne og den yngste kvinna i verda gjennomførte ho den beinharde konkurransen. Sjølvsagt med sitt velkjente smil om munnen. 

– Eg trur eg smilte om lag 85 prosent av tida, ler atleten frå Øyfjell.

Dagen derpå smiler ho altså framleis, no gjennom telefonrøret. 

– Korleis er forma i dag, Marie? 

– Tja, he he. Eg vil seie ho er olympisk. Kroppen min har vore veldig snill med meg. 

Tåa eksploderte 
For forma er slett ikkje galen, om ein tek i betraktning kva påkjenning ho har utsett kroppen sin for i over to døgn. Det tyder på at ho har førebudd seg godt og rett. Gnagsår på føtene og ein vond legg er alt ho har å klage på – dersom ho hadde vore ein person som klaga, då. Det er ho ikkje. 

LES OGSÅ: Rå muskelkraft

Gnagsåra som oppstår er ikkje noko problem undervegs, så lenge skoa held seg tørre, fortel Marie. Men ei stakkars vesletå fekk hard medfart då regnet kom og bløytte opp favorittjoggeskoene då det stod att 19 av 96 løperundar. Vassblemmene på tåa tolte ikkje at fasongen på skoen forandra seg litt, og dermed eksploderte heile tuppen. 

– Eg tullar ikkje. Pang, sa det, fortel Marie. 

Då kom den andre av to store nedturar undervegs. Det blei tungt å skilje seg av med yndlingsskoene, og Marie tok på seg sandalane sine og gjekk den neste runden medan ho funderte på kva sko ho skulle velje no. Ho ville ikkje setje seg, i frykt for at ho ikkje skulle koma seg oppatt og fullføre. 

– Å koma seg gjennom fysisk krevjande løp handlar mykje om å ta dei rette vala. Men fyrst og fremst handlar det om mental styrke, seier ho. 

Er sin eigen trenar 
Både den mentale og den fysiske styrken har Marie trena opp på eiga hand. Ho har ikkje trenarar som fortel ho kva ho skal gjera for å bli betre, det er det ho sjølv som gjer. 

– Ei av løparane ringte trenaren sin berre ho skulle setje ein teip på foten. Eg spør ingen, eg gjer det eg trur er rett. Vegen hit er ei reise eg har gjort sjølv, seier Marie. 

LES OGSÅ: Meir godtatt at jenter trener styrke

Sjølv om triatleten frå Øyfjells djupe skogar er god til å motivere seg sjølv, trong ho støttespelarar for å gjennomføre trippeltriatlonen. Ho må eta store mengder mat, og treng å få det servert, og av og til treng ho å bli tvinga til å eta det. Og ho treng nokon til å hjelpe seg og motivere seg når det går litt i svart. Etter 17 mil på sykkelsetet kom ho til eit slikt punkt. 

– Eg sat i stolen og grein. Då hjelper det med gode ord om at eg har valt dette sjølv, og at det sit kjempemange heime og heiar på meg. Og ein del av hovudet mitt var så innstilt på fullføre at det ikkje var noko anna alternativ, fortel den positive «fjøllgeiti» – som har hatt med seg sitt eige fjøllgeitlag, Anne Jupskås og Gjertrud Sandland, som handlangerar. 

LES OGSÅ: Fysisk aktivitet i sola?

Dei har også sytt for at fjøllgeit-fansen har fått jamlege oppdateringar på Facebook om stoda. Marie har aldri før fått så mange positive tilbakemeldingar. Både på telefonen og på sosiale media har det runne inn gode ord og hyllestar. 

– Då eg hadde dusja etter målgang sette eg med ned med telefonen – og eg blei skikkeleg rørt. Då kom endå fleire tårer. 

Kva no? 
Det er åtte år sidan ho fyrste gong las om Triple Lensahn, og tenkte «dette skal eg gjennomføre ein gong». I 2011 bestemte ho seg for at det var på tide å prøve, og i oktober 2013 kom beskjeden om at ho hadde fått plass. 

Så kva no? Kva gjer ein når ein har nådd det øvste målet sitt? 

– Tja. Det er jo noko som heiter decathlon. Det er ti gonger Ironman. Men det blir ikkje neste år, altså, flirer Marie Veslestaul – Vest-Telemarks desidert sterkaste kvinne. 

– Ein svært sterk prestasjon 
Arild Tveiten, sportssjef i Noregs Triathlonforbund, meiner Veslestaul viser imponerande styrke. 

– Det er ei ekstrem utfordring å takle – særleg mentalt. Ein må vera svært godt trena og veldig tøff i hovudet for å greie å gjennomføre det. Maries prestasjon er svært sterk, seier Tveiten. 

Samtidig er ikkje denne type konkurransar noko forbundet oppmodar folk til å gjennomføre. Ironmankonkurransar er svært harde – og her er det snakk om tre gonger så langt. 

– Dette er veldig ekstremt. Det blir rekna som ekstremt å sykle Oslo-Trondheim, og den distansen er berre ein del av trippelkonkurransen, seier sportssjefen. 

LES OGSÅ: Gutar taklar mobbing med idrett