Demokratiet i krise

Dag Jørund Lønning
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er demokrati form eller innhald?

I den grad me i det heile diskuterer demokrati i samtida, handlar diskusjonen først og fremst om form (val og valordningar) og mindre om innhald (kor vidt folk føler at dei har makt eller ikkje).

Det blir på eit vis teke for gitt at så lenge eit fleirtal av oss traskar til stemmelokalet kvart andre eller fjerde år, tyder det at folk kjenner seg høyrte, involverte og deltakande. Prosent valdeltaking er meir eller mindre einerådande som demokratiet sin sunnheitsindikator.

Trump, Brexit og representasjonskrise
Det er på høg tid at denne antakinga blir utfordra. Brexit, valet av Donald Trump og høgrepopulismen sin framvekst, er tydelege uttrykk for ei representasjonskrise. Dei som skal representerast, trur at dei som skal representera først og fremst er ute etter å mæla eiga kake.

Både Trump og Nigel Farage, tidlegare leiar i UKIP, appellerte i sine kampanjar til «dei mange tause røystene», til «dei som ikkje blir høyrte», til «dei som kjenner seg gløymte». Ei undersøking blant britiske veljarar tidlegare i år, fortalde at over halvparten meiner at Storbritannia, trass i at landet formelt sett er eit demokrati, er styrt av ein liten rik elite. Tilsvarande undersøkingar innanfor EU, fortel at millionar av menneske kjenner på avstand til makta og på at eiga stemme ikkje blir høyrt. 

Filosof: – Veljarane anar ikkje kva dei snakkar om

Avstandsfrustrasjonen gror godt her heime òg
Men det er ikkje berre dei store sakene «der ute» som vitnar om eit veksande gap mellom levde liv på den eine sida og politikk og forvalting på den andre. Gjennom fleire år har eg reist land og strand rundt med foredrag, kurs og forskingsoppgåver knytt til samfunnsutvikling, næringsutvikling og fysisk stadutvikling. Over alt, både på små og store stader, møter eg menneske som gjev uttrykk for avstand og avmakt.

Eg høyrer stadig fleire historier om stemmer og engasjement som ikkje blir lytta til i møte med det offentlege. Det offentlege svarar med å fortelja om lovpålegg, om indikatortyranni og detaljkrav, om sektorisering og byråkratisering.

Det blir fleire ekspertar, fleire og fleire ekspertutval, ei eksplosiv auke i talet på profesjonelle problemløysarar, og, difor, stadig mindre rom for å involvera befolkninga både nasjonalt, regionalt og lokalt.

Medverknad vert rituell, ikkje reell
Som innbyggjar har ein «rett» til å bli høyrt. Men å leggja til rette for medverknad er tidkrevjande, og tid er pengar når stadig fleire offentlege oppgåver skal «stykkprisfinansierast».

Konsekvensen er at det offentlege i stor grad vel minimumsløysingar. Saker blir lagt ut på høyring på ei kommunal heimeside dei færraste vitjar, kanskje inviterer ein til eit informasjonsmøte som del av sluttføringa av planprosessen («No er planen skriven, no vil me høyra kve de meiner!»), eventuelt sender ein eit skriv i posten om vedtak som alt er gjort. Medverknaden vert rituell, ikkje reell.

Stryking står til stryk, meiner Jenny Klinge 

Planveldet har lagt staden under seg
Ja, eg malar med brei pensel, og sjølvsagt finst det heiderlege unnatak. Men det meste er allereie bestemt, kategorisert, patentert. Det profesjonelle planveldet har lagt staden under seg. Rommet for det spontane og uventa – kritiske element i nyskaping og kreative prosessar – er borte.

For kor skal eigentleg dei viktige nye ideane koma frå når alt er definert på førehand? Kva er det eigentleg att å engasjera seg i, utover private fritidssyslar? Kva skal det offentlege med den lokale røysta eller innspelet når ein ikkje har ein produktiv samanheng å setja desse inn i? Som samfunnsplanleggaren i ein mellomstor norsk by sa: – Det verste med jobben? Det er kravet om medverknad. Planen må skrivast, og då er det ikkje tid til slikt.

Ein vond sirkel
Dette er ein vond sirkel. Når enkeltmennesket ikkje får ansvar, vil det heller ikkje ta ansvar. Ein blir observatør, ikkje deltakar. Ein blir «(for)brukaren», som først og fremst stiller krav, og som uttrykker misnøye når krava ikkje blir oppfylte.

Politisk er bordet dekka for populisten. Han eller ho som støttar forbrukaren sin rett til å krevja, og som presenterer dei enkle løysingane med ropeteikn bak: «Steng dei ute!» «Billegare bensin!»

Konsekvensen av aukande avstand mellom menneske og makt, er også at vår kollektive evne til å løysa viktige oppgåver blir svekka. Mange av utfordringane me vil stå overfor i framtida, vil berre kunna løysast på tvers av sektorar, interessegrupper, det offentlege og det private. Utan reell involvering av innbyggjarane, blir effektive og berekraftige løysingar umoglege å oppnå.

Løysinga heiter deltakande demokrati
Me treng langt fleire arenaer der vanlege menneske kan involvera seg i og ta ansvar i saker som vedkjem deira liv. Deltakande demokrati er å etablera slike arenaer. Det er å leggja til rette for tidleg involvering i plansaker, i arealutvikling, i kommune- og regionreformer, osv. Det er å vinna tilbake rom for leik, spontanitet, kreativitet og nyskaping.

Ordet demokrati tyder «makt til folket». Å gjennomføra val er ikkje nok. Framover må me snakka meir om innhald og mindre om form. Me treng rett og slett meir reelt demokrati.

LES OGSÅ: Er demokratiet ein fasade?