Deltek i verdas største vitskapsopera

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Verdas største vitskapsopera

Laurdag 3. oktober deltek 21 ungdommar frå Stord saman med 450 andre unge, lærarar, kunstnararar, forskarar og IKT-folk frå 35 land i verdas første verdsomspennande vitskapsopera.

Vitskapsoperaen har sitt utspring i HSH-forskar Oded Ben-Horin sitt forskings- og utviklingsprosjekt Skylight. Undervisingsscenarioet er basert på undervisingsmodellen CREAT-IT. Det har gått frå vera eit lite prosjekt i Norge – til å breia seg ut i heile verda. Prosjektet sine aktivitetar i nokre få land er støtta med pengar frå EU og Norges Forskingsråd, medan dei aller fleste landa er med som frivillige. Nokre av landa får støtte frå EU, EØS og UH-nett Vest. Planen til landa som er med er å utvikla noko saman som dei kan søkja pengar til i framtida. UNESCO har løfta det fram som eit nyskapande prosjekt for skular.

Enkelt sagt handlar dette om å auka læringa i naturfag ved å bruka kreative metodar som til dømes dans, musikk, og drama i undervisinga. Det gjer ein ved å bruka opera som metode, samstundes som ein satsar på IKT-kompetanse.


Guro Lund Tungeland spelar "Klovn", Brita Angeltveit spelar "Joao", Dina Johannessen spelar "Little Girl", Michelle Vorland spelar "Firefly", Matilde Jordåen Moldvik spelar "Marilyn Monroe "og Solveig Koløen Birkeland spelar "Charlie Chaplin". Foto: Vilde Hjertholm Lunde

Live og opptak
I sommar blei ungdommane på Stord og Spinae Company kopla på prosjektet. Dei representerer Noreg, og om ei veke koplar dei seg saman på nettet med sine bitar i produksjonen.

– Det blir live-oppsetjingar og video-opptak. Norge, Danmark, Brasil, Storbritannia, Portugal, USA og Australia kjem til å opptre med deira del av operaen live. Kina, Nederland, Chile, Italia, Etiopia, Iran, Príncipe (den minste av dei to store øyene i staten São Tomé ved vestkysten av Afrika), Spania, Zambia, Serbia, Israel og India har spelt inn sin del på video.

– Alle dei ulike delane skal sendast som ein heilskap via internett den tredje oktober, fortel Oded-Ben Horin på HSH.

Verdsrommet og forureining
– Det har vore veldig annleis fordi det er så stort, og me måtte tenkja sjølv, seier Brita Angeltveit (16)

Ho spelar den vesle guten «Joao», i Skylight-operaen. Joao er veldig oppteken av verdsrommet. Han bur saman med far sin og «Firefly» i Portugal, men dei to må flytta til New York, der han ikkje kan sjå stjernene på grunn av luftforureining.

– I starten skjønte eg ikkje heilt kva me haldt på med, seier Guro Lund Tungeland.

– Ja, det var vanskeleg å forstå seg på, seier Michelle Vorland.

Men no er ungdomane på Stord i innspurten, og dei øver på å setja scenane i stykket. Meir og meir fell på plass.

 
Skodespelarane brukar smarttelefonar og nettbrett som alternative lyskjelder. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

Lært mykje

«Little Girl» er den tredje hovudrolla i operaen , og blir spela av Dina Johannessen (14). Matilde Jordåen Moldvik (15) spelar Marilyn Monroe, Guro Lund Tungeland (17) Klovn og Solveig Koløen Birkeland (14) spelar Charlie Chaplin.

– Me har jobba mykje med å setja scenane, og korleis me vil ha dei, seier Solveig Koløen Birkeland.

– Me måtte setja oss inn i Big Bang og Supernova og sånt, seier Vorland.

– Me har lært mykje av det. Det er ein annleis måte å læra på, og det er kjekkare enn skule, seier Angeltveit.

– Eg har blitt meir fascinert over korleis verdsrommet blei til. Etter å ha jobba med det, vil eg finna ut meir om det, seier Vorland.


Andrea Volbers og Oded Ben-Horin ser på medan ungdommane i Spinae Company øver. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

Eit levande prosjekt
Magdalena From Delis på Spinae Company er instruktøren til skodespelarane. Ho fortel at dei har pusha tidsperspektivet framover.

– Heile prosjektet har vore ganske organisk. Me har eksperimentert med andre typar scenelys, og har gått i djupna på kva stjerner eigentleg er, seier ho medan ho instruerer skodespelarane til korleis dei skal halda og røra på smarttelefonar og nettbrett etter at lyset er slått av.

Oded Ben-Horin og EU-koordinator Andrea Volbers på HSH følgjer med medan ungdommane øver.

– Det er veldig fascinerande å sjå på løysingane dei ulike landa har funne på. Det er veldig opent korleis dei skal tolka det, så alle sine løysingar er veldig ulike, seier han.

– Det er rart å tenkja på at tilsvarande ungdommar rundt på heile kloden jobbar med det same, seier Ben-Horin.


Bak frå venstre: Nathanael Larsson er kunstnarleg leiar i Spinae Company, Andrea Volbers er EU-rådgjervar i HSH, Magdalena From Delis er dagleg leiar i Spinae Company, Oded Ben-Horin er førsteamanuensis i musikk ved HSH. Framme frå venstre: Michelle Vorland spelar "Firefly", Matilde Jordåen Moldvik spelar "Marilyn Monroe", Solveig Koløen Birkeland spelar "Charlie Chaplin", Dina Johannessen spelar "Little Girl", Guro Lund Tungeland spelar "Klovn" og Brita Angeltveit spelar "Joao " . Foto: Vilde Hjertholm Lunde

Framføringar
Spinae Company er i innspurten på øvingane av sin del av operaen. Komande laurdag den 26. september har dei ei øving, og komande onsdag den 30. september har dei siste øving.

Den 3. oktober klokka 17 er det duka for premieren, og du kan sjå heile operaen under.

I vår kjem Spinae Company til å framføra heile operaen. Dei er ei av tre land er verda som gjer dette.

Planen er at operaen skal bli framført i sin heilskap ved den internasjonale Global Hands on Universe-konferansen på Stord i august 2016.