Dei treng hjelpa di

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Regnskogen har eksistert i 60 millionar år, men sidan andre verdskrig har han blitt halvert. Problemet med dette er at når regnskogen blir hogd ned, forsvinn han for godt, og heimane til dei rundt 260 millionane menneska som bur der forsvinn. Det er også uheldig når ein tenkjer på at regnskogen forsyner verda med mat, vatn og medisinar, og bidreg til å redda klimaet på jorda, forklarer Heidi Vestli, fylkesaksjonsleiar for TV-aksjonen.

Felles ringerunde
Onsdag var ordførarane frå sunnhordlandskommunane inviterte til å planleggja årets aksjon på Stord hotell. Den første blei arrangert i 1974. Innsamlinga går føre seg på fleire måtar, og den mest sentrale er dei om lag 100.000 bøsseberarane som går frå dør til dør.

– Dei siste åra har me også invitert næringslivet til å støtta opp om aksjonen. I år håpar me å få med fleire sentrale personar frå næringslivet i Sunnhordland til å vera med på ein felles ringedugnad, seier Marius Lystad, ansvarleg for næringslivet i TV-aksjonen.

– Det er veldig effektfullt å få med næringslivstoppar med eit stort nettverk på ein felles ringedugnad, legg han til.

Bømlo-ordførar Odd Harald Hovland har vore med på ringeaksjonen i Bergen to år. I år treng han kanskje ikkje reisa så langt, dersom det blir felles ringeaksjon i Sunnhordland.

– Næringslivet på Bømlo har vore gode på å gje tidlegare, men i år kan det blir meir utfordrande. Det er tøffe tider, seier Hovland.

Grunn til å gje
Tv-aksjonen blir sendt på NRK den 18. oktober.

– Kva skal pengane brukast til?

– Det er mange aktørar som tek seg til rette med mindre områda blir passa på. Mange av innbyggjarane treng hjelp til å gjera krav på rettande sine, slik at ikkje kommersielle aktørar går inn og tek frå dei områda deira. Fleire stader finst dei ikkje vegar inn til skogen, ein kan berre komma dit via elva. Støtta kan vera noko så enkelt som å gje hjelp til å halda vakt ved elvane, seier Lystad.

– Eit anna konkret tiltak er at dei innfødde får hjelp til å bruka GPS, slik at dei får målt opp og dokumentert sine område hos myndigheitene, seier Heidi Vestli.

Ho fortel at pengane frå tv-aksjonen skal gå til hjelp i eit område på storleik med Norge og Danmark til saman.

Les saka i Sunnhordland!