Dei superrike blir rikare

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei vel 2.000 rikaste i verda rår over større verdiar enn nasjonalprodukta i India, Russland og Italia til saman.

I sum utgjer dette over 6.500 milliardar dollar, som 2.170 dollarmilliardærar i verda rår over, fortel Vårt Land. Lista over milliardærane som er gode for over 6 milliardar kroner er utarbeidd av finansselskapet USB i Sveits og Wealth-X i Singapore.

Vårt Land viser òg til The Billionaire Cencus, som fortel at talet på dollarmillionærar i verda har auka med 60 prosent dei siste fem åra, og at dei samla verdiane deira har dobla seg.

På lista over dollarmilliardærar finn ein 60 prosent som har bygd formuane sine frå botnen, 20 prosent har arva formuar og dei siste 20 prosentane har greidd å auke arva formuar. Berre 13 prosent av dollarmilliardærane er kvinner. (©NPK)