Dei som vil byggje landet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg er som vanleg annleis-landet: Medan mange europeiske land opplever befolkningsnedgang, har aldri folketalet i Noreg auka så mykje som dei siste par åra. Det bur no 4 973 000 menneske i Noreg, syner dei siste tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) – ein vekst på 20.050 menneske på eitt kvartal. Berre tredje kvartal i fjor har det vore ein større auke i absolutte tal.

Noko kjem av ein ganske høg fødselsrate i Noreg, men innvandringa er den store årsaka, og utgjer for tida 70 prosent av folketilveksten. Og dei fleste som kjem, er arbeidsinnvandrarar frå Europa. Den største nettoinnvandringa kjem frå Polen og Baltikum.

Vel så oppsiktsvekkjande som den totale veksten er det at innvandringa no aukar folketalet over så mykje av landet. Alle fylka har vekst, og folketalet voks i heile 309 av 430 kommunar i dei tre første kvartala i år.

– At så mange kommunar aukar folketalet samtidig, er verkeleg unormalt, seier forskar Helge Brunborg, som arbeider med demografi ved SSB. I 2005 var det til dømes berre 205 kommunar som opplevde folketalsvekst.

Nedgang til oppgang
– Det er innvandringa som fører til færre kommunar med nedgang i folketalet. Talet på kommunar med nedgang er halvert. Men det stemmer ikkje at sentraliseringa har stogga, understrekar Brunborg.

– Framleis kjem den største folketalsveksten i byane og omlandet deira. Men vi ser at også veldig mange distriktskommunar har snudd nedgang til oppgang, ikkje minst langs kysten der oppdrettsnæringa går bra. Framskrivingane våre tilseier at denne utviklinga vil halde fram i ein del år enno. Så er det usikkert om innvandrarane slår rot, om dei reiser heim att eller kanskje flyttar til andre norske kommunar. Det er førebels vanskeleg å seie så mykje om.

Uventa utvikling
– Innvandringa har fått slikt omfang at ho spreier seg ut over større delar av landet enn før, seier Kjetil Sørlie. Også han er forskar og demograf, og arbeider ved Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR).

– Ein del av forklaringa er at austeuropearane jobbar i næringar som arbeider over mykje av landet, til dømes bygg- og anleggsbransjen.

Demografane arbeider mellom anna med å spå om folketalsutviklinga. Men for berre ganske få år sidan var det knapt nokon som føresåg det som no skjer, vedgår Sørlie.

– Vi hadde ikkje føresett dette, og det var ikkje mogleg å føreseie i særleg grad. Å spå om dei økonomiske konjunkturane er vanskeleg. Fram til 2005 var meir av merksemda vår retta mot veksten i talet på flyktningar enn mot arbeidsinnvandringa.

– Vi ser folketalsvekst i alle fylke, også dei tre nordlegaste. Dette er spesielt?

– Det er det. Men akkurat det har skjedd før: Så seint som under lågkonjunkturen på 1990-talet var det få som flytta, så da heldt folketalet seg ganske stabilt i alle fylka. Men det vi ser no, er annleis.

Styrkjer regionane
Også Sørlie understrekar at sentraliseringa i Noreg slett ikkje har stogga.

– Det er innvandringa som endrar biletet noko, det innanlandske flyttemønsteret er ikkje særleg endra. Norske ungdommar reiser frå bygda til byane, og sit på utdanningsinstitusjonane til langt ut i 20-åra, medan handverkarar frå Aust-Europa tek over mange av jobbane dei unge tok før, seier Sørlie.

– No når så mange allereie bur i byane, er det innvandrarane som kjem som olje i systemet og kompenserer for mangelen på folk i distrikta.

TEMA: Les meir om innvandring her!

Ikkje minst nyt dei regionale sentra rundt i Noreg godt av innvandringa, seier Sørlie.

– Mange av desse sentra har hatt mindre tilflytting frå omlandet sitt i seinare år, men har fått ein del av dei nye innvandrarane, og det har styrkt regionane. Det kan til dømes vere handverkarar som byggjer hytter i dalføra på Austlandet, som reiser rundt på arbeid i regionen. Vi ser at dei typiske hytteregionane har fått mange arbeidsinnvandrarar.

Det er den langvarige norske høgkonjunkturen som har drive mykje av innvandringa. Slikt varer ikkje evig, og det er vanskeleg å seie kor lenge dei nye innvandrarane blir verande. Det er dessutan ikkje så mange år sidan EU-utvidinga i 2004, som opna den norske arbeidsmarknaden for folk frå Polen og Baltikum.

– Men vi ser teikn til at ganske mange av austeuropearane blir verande. Vi veit derimot at tre fjerdedelar av dei svenske arbeidsinnvandrarane reiser heim att i løpet av få år, seier Sørlie.  Ropar på innvandring Den innvandringsdebatten vi er mest vande med, handlar gjerne om asylpolitikk, islam, integreringsproblem og korleis innvandringa kan avgrensast.

Den klart største innvandringa, arbeidsinnvandringa, er det mindre debatt om. Men diskusjonen om denne innvandringa har ein heilt annan karakter: Korleis kan vi få fleire innvandrarar, er eit vanleg spørsmål – særleg i distrikta.

Fylkestinget i Nordland sette seg til dømes som mål å skaffe 10.000 nye innvandrarar til fylket. «Vi må løse utfordringene med etterspørsel etter arbeidskraft med rekruttering fra utlandet», sa Arve Knutsen (KrF), fylkesråd for næring og samferdsel i Nordland, til Klassekampen i 2009. Det målet står ved lag.

– Næringslivet vårt spør etter arbeidsfolk, og om det var tilgang på fleire fagfolk, kunne vi hatt større omsetnad. Over ein femårsperiode ønskjer vi oss 10.000 innvandrarar, seier Knutsen.

– Det er behov som må dekkjast. Hjula ville ikkje gått rundt om vi ikkje hadde arbeidsinnvandrarane. Oppdrettsnæringa i ein kommune som Træna er til dømes heilt avhengig av dei. Når folk etablerer seg og aukar innbyggjartalet, har det òg ringverknader. Mange som kjem, har òg kompetanse som løftar fagleg. Nordland har stor glede av denne innvandringa.

Også fylkes- og kommunepolitikarane har ein jobb å gjere for å skaffe folk og for å få dei til å bli verande, påpeikar Knutsen.

– Det offentlege må bidra med bustadtomter, språkkurs og opplæring. Språket er særleg viktig. Om folk ikkje lærer norsk, reiser dei snart heim att.

By og land
Det er mange måtar å sjå på arbeidsinnvandringa i distrikta. Ein kan sjå det som ei gladhistorie om etterlengta folketalsvekst og framgang i mange småkommunar. Eller ein kan sjå det som ei historie om at nyrike nordmenn hyrer tenarskap frå utlandet for å ta mange av jobbane vi ikkje vil ha i distrikta, medan unge nordmenn strøymer til byane.

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

Dette er to ulike debattar, meiner demograf Kjetil Sørlie.

– Regiondebatten og korleis kommunane lukkast med å halde oppe folketalet, er ei sak for seg. Ei anna sak er måten vi forvaltar vår eigen ungdom. I dag går nesten alle på skular, dei fleste i sentrale strøk. Når så mange unge veks opp i dei større byane, skjer det ei uniformering av befolkninga, dei unge veit mindre enn før om resten av landet. Det kan skape auka motsetnader mellom by og land i den norske befolkninga. Men desse debattane treng vi ikkje veve saman.

– Men utviklinga i arbeidsinnvandringa fortel òg noko om preferansane til unge nordmenn? Utlendingane tek mange jobbar som få nordmenn har lyst på?

– Det handlar ikkje berre om preferansar, men om politikk òg. I dag køyrer vi mest mogleg av ungdomen gjennom lange utdanningar, og vi har stengt nokre opningar for dei, seier Kjetil Sørlie.

 

Les saka i Dag og Tid!