Dei skreiv Noregs beste eksamen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag kveld blei Fridthiov Oos’s legat delt ut på årsmøtet til Litteraturselskapet Det Norske Samlaget. Legatet går til dei tre beste hovudstilane på nynorsk norskeksamen for studieførebuande på vidaregåande skule.

Vilde Amalie Tolo frå Randaberg har gått på Stavanger katedralskole avdeling Kongsgård. Ho blei sett ut då ho fekk vita at ho vann:

– Eg er svært glad i å skrive, uttrykkje meg i ord og setje mitt eige preg på ein tekst. Eg har vel vore glad i det alltid, og eg har utvikla meg mykje i skrivinga dei siste åra. Men at min tekst skulle bli kåra til Noregs beste eksamenssvar på nynorsk, hadde eg jo sjølvsagt aldri trudd, og det sette meg eigentleg litt ut. Eg synst det er ganske stas.

Vilde Amalie Tolo analyserte eit annonsebilag frå Plan Norge om barnebruder.

– Reklameannonser er spennande. Retorikk er kjempespennande. Samspel mellom bilete og tekst. Etosen til avsendar. Verktøya som blir nytta for påverke og appellere til mottakarane. Bodskapen som skal seljast. Ja, eg synst det er kjempespennande. Her er alltid så mykje å ta tak i, så mykje å hente, bruke og kommentere. Eg var ikkje i tvil om kva for ei oppgåve eg skulle gi meg ut på.

Dette skuleåret har ho gått på Musikkfolkehøgskolen Viken på Gjøvik.

– Målet har vore å få ein liten pust i bakken, samt å få dyrka musikkinteressa mi før eg skal ta fatt på vidare studiar.

– Kva tenkjer du om jobb i framtida?

– Eg ser for meg ein utdanning innanfor helsesektoren, anten som lege eller som psykolog.

Les langsvaroppgåva hennar!

Fekk 22 seksarar
Amalie Trones har Framtida.no allereie intervjua i samband med at ho gjekk ut frå Odda vidaregåande med 22 seksarar og to stipend for å ha skrive den best eksamen på skulen. No er ho kåra til best i landet.

– Å få tildelt dette legatet er sjølvsagt utruleg kjekt! Det var ganske overraskande, og eg hadde aldri trudd at mitt eksamenssvar skulle bli eitt av dei tre beste. For meg har skriving alltid vore noko eg har likt svært godt, og eg har alltid skrive mykje. Å få ei slik merksemd for noko som for meg har vore ganske naturleg, er jo artig.

No studerer ho medisin i Bergen.

– Eg liker både byen og studiet veldig godt, og føler verkeleg eg er på riktig plass. Då eg skulle velje kva eg skulle studere, var eg eigentleg ganske usikker. Det var så mykje spanande å velje mellom, og eg har interesser innanfor alle slags fag, så eg var i tvil. Men akkurat no, når eg sit på universitetsbiblioteket og les, er eg ikkje i tvil lengre. Korleis kroppen vår er bygd opp er enormt fascinerande, og kompleksiteten overveldar meg. Medisinfaget – det å lære om korleis du sjølv fungerer – er for meg det ultimate studium å fordjupa seg i når du berre har dette eine livet, og eg gler meg til åra eg har framføre meg.

– Når ein studerer medisin, er det enormt mykje ein kan jobbe med. Det er mange ulike spesialiseringar, og eg har verkeleg ikkje peiling på kva eg kunne tenkt meg. I tillegg synes eg forsking verker spanande, og ser for meg at eg kjem til å jobba som både forskar og lege. Men det er jo lenge til, og ein veit aldri kvar ein endar opp. Akkurat no er planen å berre konsentrere meg om medisinstudiet, og kanskje etterkvart forska litt. Eg vil tru eg kjem til å endre meg ein heil del i løpet av åra som kjem, så kvar eg er om nokre år, er umogleg å seie.

Overraska og glad
Per Sveino Strand frå Ålesund blei svært overraska då han fekk vita at han får legatet.

– Dette hadde eg ikkje venta i det heile. Men då eg fekk meldinga tykkja eg sjølvsagt at det var gildt!

No går han første året på medisinstudiet i Trondheim.

– Studiet eg går no legg til rette for eit breitt spekter av jobbar innan helse og forsking. Om eg held fram med utdanninga innan medisin, er det uansett for tidleg å seie sikkert kva grein eg kjem til å spesialisere meg innan. Det er nærast for mange moglegheiter å velje mellom!

– Kva tenkjer du om at Edvard Moser og Einar Førde har vunne prisen før deg?

– Eg tykkjer det syner at språk er eit godt utgangspunkt uansett kva for hylle ein landar på i livet, seier Per Sveino Strand med eit smil om munnen.

LES OGSÅ: Seksar-Torstein sine beste eksamenstips

Faktaboks

Fridthiov Oos’ legat er grunnlagt av verksmeister Fridthiov Oos ved testament av 26. april 1918 og ber namnet «Fridthiov Oos’s legat for maalsaken». Det blir styrt av styret for Ivar Aasens fond. Legatet går til dei tre beste hovudstilane på nynorsk til eksamen allmennfag i vidaregåande skule.

Mellom tidlegare vinnarar er nobelprisvinnar Edvard Moser og tidlegare kringkastingssjef Einar Førde.

Årets vinnarar får 5000 kroner kvar.

Desse har vunne tidlegare!