Dei gjev aldri opp

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Tenk om det hadde vore meg. Tenk om det var meg folk i bygda ikkje likte. Og sjølv om eg ikkje hadde gjort noko trolldom, hadde dei bunde meg i hender og føter, og kasta meg på havet, seier Aina Basso. Om kva som har vore det sterkaste i arbeidet med Inn i elden

Finnmark
I Finnmark mista nemleg 90 menneske livet i hekseprosessar på 1600-talet, dei aller fleste kvinner. Det var tortur og brenning på bålet.

I Inn i elden er dette del av dramatikken, med dei to jentene Elen og Dorothe i hovudrollene.

Elen veks opp i bygda Kiberg utanfor Vardø, med ei klok kone til mor. Ho er uforfina, ulik dei andre jentene i bygda og ein einsam ulv. Dorothe kjem frå eit verna tilvære i København. Mannen ho er gift med skal verte fut i Finmark, og tek henne med til Vardø. Det er eit spenn frå høgt til lågt.

– Eg har hatt ein slags fascinasjon, for det med hekseprosessane i Finnmark i lang tid. Eg skreiv mellom anna ei oppgåve om temaet då eg studerte historie. Sumaren 2010 var eg på ferie i Aust-Finnmark og då byrja denne historia, forklarar Aina. Som også har røter og familie i området.

Bevisst
Elen og Dorothe frå Inn i elden, fører seg inn i ei rekkje av sterke kvinne i Ainas forfattarskap. I debutromanen Ingen må vite var det Ingeborg, som vart utsett for overgrep. I Fange 59. Taterpike handla det om Maria som kjem bort frå fylgjet sitt, og lagnaden hennar.

– Kvinnene eg skriv om, har nok det til felles at dei er sterke. Dei gjev ikkje opp, seier Aina.

For henne er det heilt bevisst å skape kvinnelege heltar.

– Det er nok at mannlege protagonistar i litteraturen. Både kvinner og kanskje særleg unge jente, treng å møte kvinnelege heltar gjennom bøkene, forklarer Aina. Sjølv hadde ho Anne fra Bjørkely og Pippi som heltinne.

– Karakterane treff ein på ein heilt annan måte når ein er ung. Anne og Pippi har ein del til felles, dei sloss med gutane og går sine eigne vegar.  

Førebileta
I dag er det i større grad forfattarane som er viktige for Aina.

– Sjølv om det er mange eg beundrar, er det vanskeleg å trekkje fram samtidige kollegaer, forklarer ho. Og meiner det er lettare å peike på skrivande heltinne frå føre eige samtid.

– Amalie Skram møtte meg på vidaregåande og var heilt fantastisk. Sigrid Undset har eit feministisk prosjekt eller kanskje ikkje, med Fru Marta Aulie. Ho tek i alle fall si eige samtid på kornet. Og Virginia Woolf berre køyrte på. Ho trong sitt eige rom for å skrive, og så skapte ho seg det. Eg beundrar den fullstendige autonomien, forklarar Aina ivrig.

Både på kvinnedagen og elles, meiner Aina det er viktig at samfunnet har førebilete som ikkje er menn.

– Det er i ein del samanhengar slik at menn har defenisjonsmakta, og menn tilsett menn. Då vert jo dei same løysingane og blikka på ting reprodusert, fortel ho.

Likevel er det og ein del område Aina kunne tenke seg fleire menn, som i redaksjonen til Alkunne der ho sit, eller i kultursektoren elles.

LES OGSÅ: Husmødrer på frammarsj

Ikkje kjempesint
Aina bedyrar at ho ikkje vert kjempesint, av å verte kalla kvinneleg forfattar. Ho er desto meir oppteken av at kvinnene må få ein større plass i den litterære kanonen.

– Sjølv om det er kvinner som lest mest, er det mannlege forfattarar som vert mest lesne og mest forska på. Vi damene klarar jo heilt fint å identifisere oss med mannlege forfattarar og karakterar, eg trur heilt fint det kunne gått litt meir andre vegen, avsluttar Aina.

Faktaboks

Aina Basso

– Forfattar frå Giske.

– Debuterte med ungdomsromanen Ingen må vite i 2008

Fange 59. Taterpige i 2010 var den fyrste romanen for vaksne.

– Jobbar som historika,r og sit i redaksjonen til Allkunne.no.

– Aktuell med ungdomsromanen Inn i elden.