Dei er ikkje ein gjeng hippiar

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På folkehøgskule bruker ein eit år på noko ein tykkjer er interessant. Om det er regnskog, dykking, pilates, interiørdesign eller Europa. Eller andre av dei 300 linene ein kan velje mellom.

På regnskoglinja på Sund Folkehøgskole er elevane snart klare for å reise frå hausten på Inderøy, til regnskogen i Peru.

Alt heng saman
Nesten heile klassen er medlemmar i Natur og Ungdom, og dei har take eit standpunkt. Men dei er mest opptekne av å lære meir.

– Vi lærer om mykje elende, både om forureining og fattigdom. Alt heng saman, økosystem og tilhøva til urfolk. Vi lærer om både dyr, skog og menneske, forklarer elevane.

Lang studiereise
– Eg såg at denne skulen hadde ei regnskoglinje og slik hamna eg her, fortel Alexandra Dybvik.

– Eg var ganske skeptisk til å gå på folkehøgskule. Eg har sett for meg ein gjeng med hippiar, som berre sit i ein sofa og kosar heile året. Men så vart eg pressa av venene mine, og søkte eg på denne linja fordi dei hadde så lang studietur, seier Harald Lundteppen

Regnskogelevane Framtida møtte, hadde mange grunnar til å byrje på Sund, som spanskundervisning og to månader i Peru.

– Vi ville finne ut av det, og så finst det jo berre ei regnskoglinje, forklarer dei.

Fine folk og god mat
Gjengen på regnskoglinja likar seg både i og utanfor klasserommet på Sund. Dei likar høve for aktivitetar heile døgnet, den gode maten og så likar dei Inderøy.

LES OGSÅ: Rekord for folkehøgskulane

– Folk er jo det viktigaste med å gå på folkehøgkule. Her spenner interessene frå jazz til ballidrett, lyt det jo verte god stemning, avsluttar dei.

Filosofere over verda
Dei 78 folkehøgskulane er i vinden som aldri før, med auka søkartal, fulle linje og 7284 elevar til samen.

– Eg trur mykje av dagens ungdom er klare til å gjere noko anna enn å rase gjennom høgare utdanning så fort som mogeleg. Dei vil filosofere over korleis verda heng saman, og jobbe på ein annan måte, forklarer dagleg leiar i Informasjonskontoret for folkehøgskolen, Dorte Birch.

Ho fortel at alle type linje er populære, men at spesielt friluftslinje og nye solidaritets- og miljø linje er særleg i vinden.

– Det finst ingen typisk folkehøgskuleelev. Elevane kjem frå by og land, gjorde det bra eller mindre bra på vidaregåande, dei er eit gjennomsnitt av norsk ungdom. Noko av det beste med å gå på folkehøgskule, er jo at du går saman med folk som ikkje er kopiar av deg sjølv, avsluttar Dorte.

Faktaboks

FOLKEHØGSKULE

–    Kom på midten av 1800-talet, som eit alternativ til den reine puggeskulen.
–    Skule utan eksamen og karakterar.
–    Fokus på personleg utvikling.
–    Gjev to tileggspoeng til vidare studiar.
–    Dei fleste folkehøgskulane har studiereise til andre deler av verda.
–    Det er 30 kristne og 48 frilynte folkehøgskule i Noreg.
–    Dei fleste går på folkehøgskule rett etter vidaregåande, og elevtalet tilsvarar 11,2 % av eit 19-åringskull.

Gå til folkehogskole.no!