Dei eldste blir eldre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag er det ikkje så mange blant oss som kan feire hundreårsdagen sin, men delen som når denne milepælen, vil auke veldig i tiåra som kjem.

I Noreg i dag er det ei forholdsvis lita gruppe på rundt 730 nordmenn som er blitt så gamle at dei kan rope hundre gonger hurra. Men levealderen går oppover, og særleg veks gruppa av dei eldste eldre. I 2100 vil det vere 12.500 hundreåringar her i landet. Det er 17 gonger så mange som i dag.

Tala kjem fram i «Helse hos eldre i Norge», eit tilleggskapittel til Folkehelserapporten 2014, som blei lagt fram onsdag.

LES OGSÅ: Krympar hjernen med lite søvn

Auken kjem først og fremst at dei eldste lever lenger. Levealderen vil stige både for menn og kvinner, men mest for menn. Dei neste tiåra vil den forventa levealderen til menn nesten ta igjen kvinnene.

Den sterke auken i levealder vi har sett dei siste tiåra kjem særleg av at færre døyr av sirkulasjonssjukdommar som hjerte- og karsjukdom. Vi har hatt medisinske og teknologiske framsteg. Samtidig har folk fått betre helse, og det er knytt til risikofaktorar som røyking, blodtrykk og kolesterol.

LES OGSÅ: No kan dei dyrka organ