Dei beste tipsa for påsketuren

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er ingen tvil om at påskefjellet står sentralt i den norske folkesjela i overgangen mellom mars og april. For veldig mange finst det ikkje noko anna alternativ enn å rømma opp i fjellheimen og sitta i solveggen med kakao, Kvikk Lunsj og ein makaber krim.

Men er du ein av dei som ikkje er heilt røynd når det kjem til å pakka tursekken og komma seg av gårde? Då har me råda til deg.

LES OGSÅ: Fjellvettreglane – no på nynorsk!

Toppturen
Stig Øystein Schmidt kjem frå Luster i Sogn og Fjordane og er nyvald leiar av DNT Ung etter to år som nestleiar. Han er ein av ambassadørane for Friluftslivets år, og turar i skogen og på fjellet har alltid vore viktig. Han gir deg råda som gjeld for dei lange turane.
Kva er påske for deg?

– Påske handlar mykje om tradisjon for meg. Påskeskirenn, mykje sol, Kvikk Lunsj, Solo, krim, og mange toppturar. Det å komme heim, og treffe alle heimafrå er jo også ein viktig del.

Kor går påsketuren i år?

– Det blir for det meste turar i heimkommunen, Luster. Eg skal prøve å utnytte dei ulike fjellområda i Jostedalen og Jotunheimen. Ein tur eg gler meg til er til Molden (1116 moh), med panoramautsikt over Lustrafjorden. Eit godt turtips for alle som vil på ein relativt lett tur, og få godt betalt i utsikt. Eg skal også vere turleiar for ein fullbooka basecamp med DNT Ung Sogn og Fjordane.

Kva er ditt beste påsketurtips?

– I tillegg til Molden som eit litt lettare alternativ, vil eg foreslå toppane i og rundt Hurrungane. Her er det utruleg mykje å velja i, og kvar topp er heilt unik. Min favoritt er Store Ringstind. Toppane er ikkje so teknisk krevjande, men turen er lang og tung. Utsikta og turen ned er noko av det finaste ein får!

Kva er den viktigaste ingrediensen i ein god påsketur?

– Sol. Det må vere sol på påsketur. I påsken i fjor var det sol i 10-11 dagar i strekk. Då måtte eg på tur kvar dag. Eg vart nesten litt glad når det kom ein dag med overskya vêr. Godt selskap og litt sjokolade er heller ikkje å forakta.

Kva kan øydeleggja ein god påsketur? Korleis unngå dette?

– Dårleg vêr, skredfarleg terreng, og solbrente ansikt kan vera utfordringar i påskefjellet. Her gjeld det å gjera litt arbeid i forkant av turen, med å sjekka vêrmeldinga, sjå informasjon om skredfare og skredproblem i området du skal på tur i, og hugse å smøre ofte med solkrem er tiltak ein kan ta for å hindre dette.

LES OGSÅ: Han skal få fleire ut i naturen

Familieturen
Ein annan av ambassadørane for Friluftslivets år er Utetid-bloggar Ingebjørg Nondal, som også har verdas beste nynorske blogg.

Ho gir deg gode turtips, som kjem ekstra godt med om du har med ein familie med ungar på tur.

Kva er påske for deg?

– Påske for meg er både asfalt og snø. I Odda, her me bur, er det vanlegvis bart i påsken, så påsken er ei fin tid for dei første små sykkelturane på jakt etter vårteikn. Eit par ski- eller aketurar høyrer også med. Me har flotte skiløyper ein knapp halvtime heimafrå, og der er det alltid godt med snø om vinteren.

Kor går påsketuren i år?

– Me skal vere heime, men det blir truleg både skiturar på Seljestad og fotturar i nærmiljøet. Det er meldt ein del regn, så det blir nok eit par ruskevêrsturar. Me vaksne kvir oss gjerne litt til å gå ut i ruskevêr, men barn bryr seg ikkje om vêret så lenge dei er varme og tørre. Sølepyttsafari er eit godt tips.

Kva er ditt beste påsketurtips?

– Ta barna med på planlegginga, bli einige om kor turen skal gå og kva han skal innehalda, og gjennomfør planane.

Kva er den viktigaste ingrediensen i ein god påsketur?

– Tid. Ta dykk tid undervegs. Prøv å la turen gå på barna sine premiss. Det er lov med bestikkelsar (oppoverdrops er eit godt tips), men det blir fort dårleg stemning av masete foreldre. Hugs at laussnøkøyring eller leik i ei snøfonn utanfor skiløypa kan vere vel så verdifullt som ein langtur i løypene.

Kva kan øydeleggja ein god påsketur? Korleis unngå dette?

– Overivrige og utolmodige foreldre med lågt blodsukker. Senk lista, og hugs proviant til dei vaksne også.

LES OGSÅ: Utetid er verdas beste nynorske blogg

Faktaboks

Desse nettsidene meiner Stig Øystein Schmidt at du må sjekka før du reiser på tur:

Ut.no – Turforslag med kart og mykje nyttig informasjon

Varsom.no – Skredvarslingar med gode og enkle forklaringar av skredutsatt terreng i ditt område.

yr.no– Vêrmeldingsteneste. Bør sjekkast før kvar tur, både med tanke på nedbør og vind. Viss det er meldt mykje nedbør og vind vil dette også ha innverknad på snødekket, og sannsynlegvis føre til auka skredfare.

Ingebjørg Nondal har laga sine eigne fjellvettreglar – Foreldrevettreglane:

1. Legg ikkje ut på langtur utan tursjokolade.

2. Snakk om turen før de går.

3. Vis respekt for foreldre med lågt blodsukker, grav fram nødproviant i tide.

4. Ver rusta mot dårleg humør sjølv på korte turar. Det kan vere smart å ha ei forteljing eller ein aktivitet på lur.

5. Lytt til erfarne leikeekspertar. Barn har mange gode idear.

6. Bruk gjerne kart og kompass, og vis barna kor turen skal gå.

7. Gå gjerne saman med andre barnefamiliar.

8. Stans i tide – det er inga skam å ikkje nå fram til eit mål.

9. Spar på masinga, og la barna vise veg. Gylne augneblink finst ikkje berre på høge fjelltoppar.