Degos vann Rapvalg

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me ville ikkje klage, for me har det ikkje kjipt, men me ville fortelje om korleis ungdom i Oslo lever, fortel Felipe "Fela" Orellana, til Framtida.no.

I dag har han det heller ikkje kjipt, som den eine halvdelen av duoen Degos er han vinnar av Rapvalg 2013,  og det ligg ein "feit sjekk" heime hjå han. 100.000 kroner som skal nyttast på trommesett, gitarutstyr og å ferdigstille plata som kjem i oktober.

Brevet til kongen
«Harald, mitt brev har ikke noen konklusjon, den beskriver kun en situasjon», syng hiphoparane Felipe "Fela" Orellana og Luis "Chino" Irarrazabal, som saman utgjer duoen Degos, i vinnarlåta «Brevet til kongen».

– På slutten var me ikkje sikre på om me kunne vinne, fordi det var så mange bra artistar, fortel Fela om gårsdagens finale på Blå i Oslo.

13 unge artistar stod på scena med sine samfunnsengasjerte tekstar i alle sjangrar. Fagjuryen hadde ingen enkel jobb.

LES OGSÅ: Raudt Rapvalg

Adresse: Slottet
Førstepremien gjekk til to norsk chilenske gutar med ein bodskap til kongen sin.

– Me sende faktisk både e-post og brev med ein cd med låta til kongen, fortel Fela, som fekk tvilar på om kongen har høyrt det, sjølv om dei fekk svar om at "kongen takkar for helsinga", tilbake.Brevet er direkte adressert til Kong Harald og beskriver livet dei ser i Oslo, i kontrast til kongens liv på slottet. Unge einslege asylsøkjarar som vert sendt ut, narkomane og piss i heisen, sprøytespissar og fotball i kontrast til kongens segling og 173 rom.

– Me går på ein måte tilbake i tid til den tida då folk kom direkte til kongen dersom dei var misnøgde med noko, forklarar Fela, og forklarar at låta er ikkje meint som ein klagesang.

– Det er på ein måte innbyggjarane i Oslo si forklaring til kongen.

LES OGSÅ: – De er framtida

Nøgd rapvalgvert
Degos er ikkje heilt ukjende i det norske hiphop-miljøet. Etter at dei i ung alder starta karrieren på Ungdommens kulturmønstring (UKM, har dei seinare teke steget opp til i år å spele på festivalar som Hove og by:Larm.

Prosjektleiar i Rapvalg 2013, Aki de Leon, er storfornøgd med gårsdagens finale

– Me er veldig nøgde med både produksjonen og nivået på artistane. Alle tekstane var veldig relevande for temaet, så dommarane hadde ikkje ei lett oppgåve, seier de Leon.

De Leon som meiner at vinnarteksta balanserte godt det politiske og samfunnsmessige aspektet.

– Dei gjorde eit veldig fint grep med å løfte saka over hovudet til politikarane. Det er ei slags tillitserklæring til kongen. I tillegg snakkar dei veldig godt om temaet fattigdom på vegne av Oslo.

Direkte til Hammerfest
Det er uvisst om «Brevet til kongen» har nådd fram til slottet, men mange andre har høyrt og stemt låta fram til finalen.

I tillegg til ein fullsett finale på utestaden Blå i Oslo, vart finalen sendt direkte på nett. Ungdomsklubbar i Hammerfest, Steinkjer, Trondheim og Oslo arrangerte storframsyningar av finalen.

Rapvalg har hatt rekord i antal stemmer i år, no står det berre att å sjå om dei same stemmene kjem inn 9. september.

Faktaboks

Rapvalg 2013
• Har som mål å få unge til å nytte stemmeretten ved årets stortingsval.
• Ein låtkonkurranse for ungdom opp til 35 år.
• Open for alle sjangrar. Tekstane må handla om noko samfunnsrelatert.
• 113 songar kom inn frå 15 fylke.
• 34 semifinalistar vart lagt ut på nett, slik at publikum kunne stemme.
• 13 finalistar deltok i finalen 29. august.
• I fagjuryen sat Øyvind Holen, Merete La Verdi, Stian Nicolaysen og Zaman Kadafi.
• Vinnaren får 100.000 kroner.
• Støtta av mellom adre Fritt ord og Stemmerettsjubileet.

Kjelde: Rapvalg.no