Debuterer til fulle hus

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- Det blir ein farleg kveld

– Oi, det er eit piano her. Er pianoet stemt?

Sondre Justad spør mannen som følgde oss opp på backstagerommet på Kvarteret. Han hoppar bort til pianoet og byrjar å klunke.

– Æ blir så gira av den her spellinga, seier han på den nord-norske dialekten si, og set seg ned i sofaen og fortel at han ikkje alltid har tid lenger til å sette seg ned og berre spele.

Ut på første turne

Justad kom ut med sitt debutalbum «Riv i hjertet» for omlag tre veker sidan, og allereie på sin fyrste turné speler han nesten utselt på alle konsertane sine.

– Det er heilt absurd. Det er den første turneen, og vi hadde rekna med å gå i underskot. Så eg blei overraska gang på gang når vi fekk vite at det blei utselt.

Ikkje berre fyller han arenaer rundt i Noreg, han klatrar òg opp på listene.

– Eg fekk vite i dag at eg er album nummer seks på VG-lista. Av all musikk. Den starta på nummer åtte i forrige veke, og no er den på nummer seks, seier han overraska.

Alltid drive på med musikk

Ifølge Justad har han drive på med musikk heilt sidan han var liten, og tok aldri eit bevisst val om å satse på musikk. Han har alltid hatt eit behov for å underhalde, og for å utrykke seg med musikk. Tekstane skriv han for å få tankar ut av systemet, etterpå vel han om han vil setje melodi på dei eller ikkje.

– For meg og bandet er det viktig at det skal vere ein energi der når vi spelar live. At det skal gi noko til publikum, og at dei skal merke at vi har det artig. At vi ikkje er på jobb, men at vi diggar det.

Og bandet er ikkje tilfeldig valt.

– Eg har satt saman eit band med folk eg likar godt, og har ikkje berre vald profesjonelle musikarar, som andre kanskje ville ha gjort. For meg var det viktig at vi fem skulle funke av scena òg, forklarar han.

Ærlegheit varar lengst

Vist det hadde vore eit bodskap med musikken hans, så tenkjer han det ville ha vore det å vere ærleg. Han seier han jobbar med å våge å vere personleg og utrykke følelsar utan å pakke dei for mykje inn, og då er det viktig for han å skrive på norsk.

– Eg skreiv på engelsk frå eg var 13-15 år. Så hadde eg ein prat med ei venninne som gjorde inntrykk på meg, og eg trengte å skrive ned det eg hadde i systemet. Eg hadde ikkje tenkt på det som ei låt, men så såg eg etterpå at det var ein veldig fin tekst. Så hadde eg lyst til å sette melodi til. Og til slutt blei det min første ordentlege norske låt.

Vi høyrer på han som skikkelig nordlending. Sjølv tenkjer han at nordlendinga som framleis bur i nord kanskje kunne sagt at han har moderert språket litt.

– Eg innsåg at det er meir nærheit i det på ein anna måte enn når eg skriv engelsk. Det følest unaturleg å synge på eit språk eg ikkje snakkar.

Og denne nærheita og det nordnorske vil han halde fram med.

– Eg har det nordnorske som inspirasjon, med at eg oppvakse med Kari Bremnes frå Lofoten, Kråkesølv og Halvdan Sivertsen.

Før konserten på Kvarteret blei han vist eit par kommentarar frå appen «Jodel», om folk som ville ha han med heim etter konserten på kvarteret, og om folk som hadde groupies-planar.

– Ka faen? Folk er jo heilt ville! Shit! Det blir ein farleg kveld.

LES SAKA I STUDVEST!