Debatt om framtidas bibliotek

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Under Norsk Litteraturfestival i førre veke stilte kulturministeren til debatt om biblioteket sine funksjonar. Under debatten blei det frå salen stilt spørsmål ved dei digitale kunnskapane til bibliotek-tilsette.

– Sjølv om bibliotekarar er flinke til å kategorisere og putte ting i hyllene, er dei nesten analfabetar når det gjeld teknologi, og det inkluderer Nasjonalbiblioteket, var den krasse uttalen frå bloggar og forfattar Ida Jackson under bibliotek-debatten.

Etter debatten presiserer ho til NRK:

– Biblioteka si reelle krise er at dei er institusjonar som jobbar med formidling av medieformer som endrar seg veldig raskt, men verken staten, biblioteka eller bibliotekarane heng med.

Assisterande nasjonalbibliotekar Roger Jøsevold svarer på utspelet:

– Det er vanskeleg å kommentere utan å vite kva Ida Jackson legg i desse påstandane, men som ein generell kommentar kan eg seie at Bokhylla, ut frå dei tilbakeldingane vi har fått, reknast som ein stor suksess.

Nasjonalbiblioteket tilbyr 48.000 bøker digitalt på nettstaden Bokhylla.no. Bokhylla.no skal vise fram eit tverrsnitt av den norske litteraturen, og alle bøker som blei gitt ut i Noreg på 1690-, 1790-, 1890- og 1990-talet er digitaliserte og tilgjengelege som fulltekst på nettet. Tenesta er gratis.

– Vi har fått mykje skryt for Bokhylla. I ein artikkel i The New York Times i januar blei Norges nasjonalbibliotek framheva for å vere langt framme i verdssamanheng på utviklinga av eit digitalt bibliotek, seier Jøsevold.

LES SAKA PÅ LNK.NO!

Kva meiner du biblioteket bør innehalda i framtida? Og korleis skal ein få fleire til å nytta seg av biblioteket?