Dataspel – ikkje så dumt som ein skulle tru

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange gonger har vi høyrt setninga «Du må ikkje bli dataspelar, då vil du miste hus og heim, medan du mistar familien og vennane dine». Men er det eigentleg slik? Må det å spele dataspel alltid føre til vonde ting? Finst det ikkje nokre positive sider ved det å spele slike spel?

Vel, fleire forskarar finn stadig fleire punkt som er positive med å spele virtuelt. I denne teksten skal vi sjå på nokre argument for kvifor å spele data kan vere bra.

Flukt frå røynda
Aller først skal vi prate om å vere avhengig. Du tenkjer kanskje at det var eit merkeleg tema å ta opp i ein tekst som skal promotere dei gode sidene ved å spele data, men det å vere avhengig treng ikkje berre å vere ein dårleg ting.

Fleire har meldt at å vere avhengig av spel kan vere til hjelp for pasientar som slit med kronisk smerte, som for eksempel brannskadde pasientar. Dei har fått spel som gjer at dei må fokuserer på noko anna enn smertene, og må bruke hovudet for å løyse problema dei får i spelet. Å vere avhengig i slike tilfelle er bra, fordi det gjer at dei skadde får ei slags fri-sone frå smertene.

Andre har også sagt at dei har gitt folk med mentale problem spel så dei skal få eit «festepunkt» i staden for å måtte slite med sine eigne tankar aleine. I begge tilfella har dataspel hjelpt til å frigjere personar litt frå røynda.

Det er jo også eit viktig poeng, anten du er frisk eller ikkje. Å kunne få rømme frå røynda i nokre timar for å få samla kreftene og få motivasjonen igjen. Alle treng tid vekk frå omverda, og for nokre er dataspel løysinga. Kanskje det er løysinga du treng òg?

Aktivitet
Det neste punktet vi skal prate om er nokre generelle positive punkt som ein ikkje tenkjer over blir betre når ein spelar data. I spel der tempoet er høgt, og der ein må øve inn kjappe bevegelsar, har ein sett ei stor betring i hand- og augekoordinasjon.

Dette er altså ikkje noko eg finn på, dette er resultat av undersøkingar. Faste spelarar av data har også ei større evne enn dei som ikkje spelar data fast til å oppdage små detaljar ute i eit stort naturområde, ifølgje Side3 sine kjelder.

Men er det noko meir det kan brukast til? Finst det ikkje positive sider ved å spele som er meir allment enn oppøving av hand- og augekoordinasjon? Klart det gjer!

Vi kan jo for eksempel sjå på mine besteforeldre, som nyleg fekk seg ein «Wii U». Denne maskinen har mange spel som innebere fysisk aktivitet, som bowling, golf, baseball, boksing  og så vidare.

Dette har gjort at besteforeldra mine har ein lett måte i kome i aktivitet på, innanfor trygge rammer. Viss det blir for tungt for dei, kan dei berre skru på pause, og vente til dei får igjen kreftene.

I tillegg er dette ein fin måte å få noko felles med barnebarna. Det er lettare å gjere noko gøy og aktivt med dei når dei kjem på besøk, fordi besteforeldra kan spele på barna sin heimebane.

Morosamt
Vi skal avslutte med kanskje det viktigaste punktet om kvifor det å spele data kan vere bra: Det er morosamt.

Det er jo eigentleg det viktigaste. Det er jo ikkje slik at ein går rundt og seier «No skal eg jammen gå heim og øve litt på hand- og augekoordinasjonen min!». I røynda fungerer spel best til det dei er meint til å gjere, nemleg å underhalde oss. Og det er ikkje noko feil i det, i samfunnet i dag er naudsynt å ha ein hobby, eller noko utanom jobb og skule.

Personleg tykkjer eg dataspel og teknologi er ein fantastisk ting, og at det ikkje finst grenser for kva spel kan gjere med framtida. Eg er veldig for utvikling av spel, og å spele – men alt med måte.

Eg er fullt klar over at overdriven speling er eit stort problem, og vi må ta fatt i desse tilfella tidleg. Men samstundes må vi ikkje skjere alle over éin kam, sidan dei fleste som er interesserte i spel ikkje har eit problem med det.

Eg trur at det å heie fram dei som er interesserte i data er sjakktrekket som kan gjere at Norge framleis er eit rikt land i framtida.

Kjelde: «10 fordeler med spill», Side3

Les intervjuet med prisvinnaren!

Les også vårt intervju med spelforskaren som vann Fritt Ord sin skrivekonkurranse om dataspel tidlegare i år: – Spel er ikkje berre spel

…og prøv deg på hans fem tips til spel som utfordrar maktstrukturar i samfunnet!

Les meir om gevinstane av gaming: Dataspel gjer ungdom betre i engelsk