Dataspel i norrøn tid

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei rekke merkelege hendingar driv 17-årige Eirik inn i ei verd som er ulik vår, men som han likevel kjenner – gjennom eit dataspel. Når verdene blandar seg saman, må Eirik finne si rolle i det heile. På ferda møter han mange ulike skapningar og får nye vennar – men også fiendar. Eirik blir derfor nøydd til å velje kven han skal stole på, og ikkje minst lære å stole på seg sjølv.

Galderstjerna er første bok i Vegandi-serien av Asbjørn Rydland. Dette er spennande, drivande og moro underhaldning som drar deg inn i Eirik si verd allereie frå første sida. Skildringane er levande og kjennest ekte, og bygger opp spenning utan å overdrive. Boka har noko for alle, om du så relaterer til moderne dataspel eller likar eldre historie best. Den første delen av boka høyrer definitivt heime i fantasy-verda, men så kjem ein overraskande tvist science fiction når boka når høgdepunktet på spenningskurva, der science fiction inntar sin plass i historia. Den plassen må den gjerne ta!

Rydland kjem utan tvil med ein og annan hyllest til gamle storverk, men boka er eit friskt pust i ei fantasyverd som lenge har vore prega av vampyrar og varulvar. Rydland er ikkje den einaste forfattaren som vandrar på norrøn grunn for tida, men eg vil påstå at ingen har gjort det på denne måten. At fantasy og science fiction er sjangrar med mange utanlandske forfattarar gjer også at det norrøne på ingen måte er overrepresentert, og saman med Ravneringene av Siri Pettersen er denne boka med på å skape eit univers som eg gjerne vil besøke oftare.

Persongalleriet er variert og fargerikt, og sjølv om dataspelaren Eirik er hovudpersonen er det ikkje berre gutar som vil finne seg ein helt i denne boka: Damene er sterke karakterar som i aller høgste grad er med på å definere historia, og ein merker generelt at Rydland er ein moderne mann som klarer å skrive for ungdom.

Språket er også fritt for gammaldags bakstreveri. Galderstjerna er skrive på eit moderne nynorsk som inkluderer slæng og engelske uttrykk frå dataspel-verda, men også norske nyord som skogsninja og helsebarometer. For oss som i ungdommen var svoltefôra på nynorsk litteratur av nyare dato enn Vinje er dette eit stort pluss. Det glepp likevel litt i replikkane, der kontrasten mellom gammal-pompøsitet og pop-kultur til tider blir vel stor, og andre gongar for liten. Uansett, sidene flyg forbi, og du vil ikkje legge frå deg denne boka når du kjem til slutten på kapittelet.

Ved slutten av boka er det mange spørsmål utan svar, og det er lagt opp til ein spennande oppføljar. Eg håpar at lovnaden om action frå innleiinga, der Eirik seier at han ikkje unner fiendane sine å kødde med han, blir oppfylt når resten av bokserien kjem.

Kort sagt: Eg gler meg til å lese meir av Asbjørn Rydland.

LES OGSÅ: Her er dei beste barne- og ungdomsbøkene

Faktaboks

Galderstjerna. Bok nr. 1 i Vegandi-serien
Tittel: Galderstjerna
Forfattar: Asbjørn Rydland
Forlag: Samlaget
År: 2016
Sjanger: Fantasy/Science fiction