Danske dialektar døyr av låg status

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No peikar språkforskarane på mor og far som den direkte årsaka til tilbakegangen: Foreldra lærer ikkje barna sine den lokale dialekten.

Foreldre snakkar standarddansk til barna av frykt for at dei skal får problem fordi dei ikkje kan riksdansken godt nok, forklarer dialektforskar Marie Maegaard ved Københavns Universitet til avisa Kristeligt Dagblad.

– Når folk vel å ikkje tale dialekt, er det fordi haldningane til dialekt og det å snakke annleis er svært negative i Danmark. Du risikerer å bli gjort til latter eller sett ned på av andre landsdelar, seier Maegaard.

Maegaard trur ein del av forklaringa på trenden er at Danmark er så sentralisert med København som det store midtpunktet.

Forskinga viser at danskane generelt ser ned på dei som snakkar dialekt, mens dei som snakkar standarddansk, blir oppfatta som velutdanna, intelligente og ambisiøse. (©NPK)

Les òg:- Danskane bør lære norsk og svensk