Danskane handlar mest økologisk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Danmark handlar mest økologisk

Ein ny internasjonal rapport viser at økologiske produkt utgjorde 8,4 prosent av matvaresalet i Danmark i 2015. Sveits og Luxembourg følgjer etter med ein del på høvesvis 7,7 og 7,5 prosent.

– Det er ein global førsteplass som vi kan vere utruleg stolte av. Det er eit vitnesbyrd om at danskane ønsker å ta ansvar med sitt matvareinnkjøp og utgjere ein forskjell for naturen og miljøet, og dessutan sikre eit godt liv for dyra, seier Per Kølser, leiar for Økologisk Landsforening i Danmark.

Men når det gjeld kor mykje pengar kvar innbyggjar i snitt bruker på økologiske matvarer, er det Sveits som tar førsteplassen, med 262 euro per innbyggjar, mot 191 euro per innbyggjar i Danmark. Sverige tar over tredjeplassen med 171 euro per innbyggjar, deretter følgjer fleire andre vesteuropeiske land, og dessutan USA og Canada.

Noreg er ikkje med på ti-på-topp-lista.

Rapporten er utarbeidd av det sveitsiske forskingssenteret Fibl og blir offentleggjort i samband med den største økologimessa i verda, Biofach, i Nürnberg i Tyskland.

Der går det også fram at omsetnaden av økologiske matvarer på verdsbasis er meir enn firdobla sidan år 2000, og utviklinga er venta å halde fram.

I Danmark er det dei neste tre åra klart for den største kampanjen for økologisk forbruk hittil største kampanje for økologisk forbruk. Det skjer ved hjelp av ei EU-løyving på 25 millionar danske kroner, og målet er å auke salet av økologiske matvarer med 50 prosent.

LES OGSÅ: Forsking: – Økologisk jordbruk ikkje meir miljøvenleg