Dansk-norsk fantasy går Harry Potter i næringa

Framtida
Publisert
Oppdatert 16.11.2017 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Går Harry Potter i næringa

– Eg synest filmen er blitt utruleg bra, seier Oftebro til NTB. Han meiner «Skammerens datter» stiller i same liga som «Harry Potter», «Ringenes Herre» og «Game of Thrones».

– Men vi skaper ein ny mytologi, understrekar han. Både riddarar og drageblod er element i mellomalderuniverset i filmen,som for det meste er filma i Tsjekkia.

Onsdag hadde filmen førehandspremiere i Oslo, i samarbeid med den danske ambassaden og Foreningen Norden, der Oftebro er ambassadør. 1. mai er det duka for kinopremiere.

– Eg er veldig spent på korleis det vil gå, innrømmer Oftebro.

Skammas kraft
Som i all fantasy står kampen mellom det gode og det vonde, men skam og det å velje mellom rett og gale er eit sentralt tema i «Skammerens datter».

– Det handlar om å vere annleis og å tørre det, seier Oftebro, som meiner temaet både er aktuelt for målgruppa og for samfunnet elles.

– Akkurat no er det jo kjempeaktuelt med ting vi kan skamme oss over, som miljøet, korleis vi behandlar flyktningar og tusenvis av ting, seier skodespelaren.

– Det handlar om misbruk av makt og korleis vi heile tida blir stilt overfor kva som er rett og gale, seier han og dreg i ein ny skjeggtust, ein del av rolleutrustinga til ein nederlandsk produksjon han er med i. Oftebro, som deler tida si mellom København og Oslo, er allereie i elitedivisjonen i norsk film og har kalenderen full for det neste året.

LES OGSÅ: Dyrebar kvardagsmagi

Kamp om makt
Filmen handlar om Dina, spelt av 12 år gamle Rebecca Emilie Sattrup, som er dottera til skammaren i fyrstedømmet Dunark. Dina har arva evnene til mora til å sjå folk i auga og sjå alt dei skammar seg over, noko som fører til at både jamaldra og andre skyr henne som pesten.

Oftebro spelar Nico, eldste son av fyrsten i Dunark. Ein dag blir fyrsten og resten av familien funne drepne, og mistanken blir retta mot Nico.

Evnene til Dina viser seg å komme til nytte i eit blodig oppgjer om makta i Dunark mellom Nico og halvbroren Drakan.

Dina blir spelt av 12 år gamle Rebecca Emilie Sattrup, som debuterer på lerretet med eit blikk det blir vanskeleg å gløyme.

– Ho er heilt fantastisk, meiner Oftebro.

Andre meir kjente namn på rollelista er Maria Bonnevie, som spelar mor til Dina, Stina Ekblad, som spelar den maktsjuke mora til Drakan, og Allan Hyde frå «True Blood».

– Det er eit utruleg stjernelag, heilt rått, seier Oftebro.

LES OGSÅ: Om sjetteklassingar og dragar og sånn

– For dårleg
«Skammerens datter» er basert på boka med same namn, som er omsett til nynorsk og er pensum for norske ungdomsskuleelevar. Slik sett har filmen eit potensielt stort publikum.

– Men vi er for dårlege til å sjå norsk film i Noreg. Men no blir det laga så mykje bra film, så eg håpar det snur, seier Oftebro.

Og korleis går det til slutt? Det får vi ikkje vite – i denne omgang. Men om alt går etter planen, blir det laget ytterlegare to filmar om skammarens dotter. (©NPK)

Faktaboks

Fakta om Jakob Oftebro

* Født 12. januar 1986 i Oslo.
* Son av skodespelar Nils Ole Oftebro og Aftenposten-journalist Kaja Korsvold.
* Bur i København.
* Starta studiane ved Statens Teaterhøgskole som 18-åring i 2004. Har også studert ved Statens Teaterskole i København.
* Hadde hovudrolla i NRKs dramaserie «Erobreren», og har spelt i ei rad filmar, blant dei «Kon-Tiki», «Max-Manus», «Victoria» og den danske storsatsinga «1864».
* Var shooting star på filmfestivalen i Berlin i fjor med filmen «Kraftidioten».
* Aktuell med filmen «Skammerens datter» (©NPK).