≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: likestilling, Musikk, feminisme

Daniel Kvammen er ikkje feminist for moro skyld

Likestillingskampen gjer det lettare for plateaktuelle Daniel Kvammen å vera ein mann som viser kjensler. 

Andrea Rygg Nøttveit
fredag 24. februar 2017 09.15

Daniel Kvammen er ikkje feminist for moro skyld – Eg trur ikkje feminisme er så eksplosivt som ein skal ha det til. Ideen om likestilling er jo jævla forbanna enkel, seier Daniel Kvammen, som gjerne er feministisk haldningsambassadør. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

– Eg har alltid vore oppteken av rettferd og at alle skal ha like moglegheiter, så eg kan ikkje skjøna at me skal leva i ei verd der me ikkje skal jobba for at begge kjønn skal ha like moglegheiter. Var det eit greitt svar?

Daniel Kvammen har tidlegare sagt seg delvis einig med artistkollega Taylor Swift i at feminismen er den viktigaste rørsla i vår tid og er sjølv ein uttalt feminist.

– Kvifor skulle eg ikkje vera det?

Framand feminisme
Kvammen trur nemleg at dei fleste kan einast om feministiske verdiar, men medgjev at nokre kan oppleva pakken rundt som litt avskrekkande.

– Der eg kjem frå trur eg det er mange som kan oppleva feminismen som litt… no skal eg passa meg for kva eg seier… nesten litt militant, eller aggressiv. Nokre har kanskje eit bilete som er farga av meir radikale utsegn i debatten. Det er jo noko med det at dei som skrik høgast fort tar mest plass, seier artisten frå Geilo i Hallingdal.

Framtida.no møter 28-åringen på Litteraturhuset i Oslo, der folk «diskuterer feminisme i kunnskapens skyttargrav».

Den engasjerte artisten trur at debatten innimellom kan virka litt uoversiktleg for utanforståande, men meiner feminisme ikkje er så vanskeleg som mange skal ha det til.

– Det handlar nødvendigvis ikkje alltid om likheit, men om like moglegheiter. Det er jo veldig enkelt, seier Kvammen.

Les også intervju med Razika: – Me har framleis ein lang veg å gå

Smånervøs mann
Etter at han slapp nokre melankolske låtar på nett i 2013 har hallingen gjort suksess med albumet Fremad i alle retninga og låtar som Du fortenar ein som meg.

Denne veka lanserer han andreplata Vektlaus, som inneheld meir synt og mindre gitar enn førre gong. Radiohiten Me dansar ikkje for moro skyld har truleg fått nokre bein til å røre på seg allereie.

Tidlegare i år skreiv artisten på Instagram om stereotypiane om å vera mannleg musikar frå bygda:

Som ung kjente ikkje Daniel Kvammen seg heilt att i mannsideala frå heimtraktene, som han følte representerte eit stereotypt, noko inneklemt, bilete av det å vera ung mann.

Unge Kvammen vart difor tidleg oppteken av tekstane til DeLillos. Sjølv om han ikkje kunne relatere geografisk til Lars Lillo Stenberg sine songtekstar handla det om det same som ein brydde seg om på bygda: Jenter, festing og så bortetter.

Men dei var liksom meir ærlege når det gjaldt det å vera ein smånervøs mann med eit skjelvande kjensleliv, minnast Kvammen.

TEST DEG SJØLV: Kor god er du i halling?

– Dette gagnar jo alle
Musikaren frå Geilo er stolt av å koma frå bygda og tek gjerne på seg rolla som representant.

– Men eg er sterkt imot at eg difor treng å framstå som ein romantisert karikatur av ein bygdis. Innimellom føler eg at ein ventar seg både kulturelle- og kjønnsideal av meg, som mest av alt høyrer 20 år tilbake i tid. Det er jo klart at den likestillingskampen som føregår gjer det mykje lettare for meg å vera ein mann som viser kjensler. Dette gagnar jo alle, seier Kvammen engasjert.

Han meiner at feminisme ikkje berre er ei kvinnesak, og skulle ynskja at det vart ein debatt om kroppspress som òg inkluderer menn.

Ifølgje ei amerikansk studie frå 2014 er nesten 18 prosent av unge gutar svært opptekne av vekt og fysikk. Fleirparten av desse var opptekne av å byggja musklar, heller enn å gå ned i vekt.

Daniel Kvammen meiner at kjønnsidealet til menn og seksualisering av mannskroppen er tema som i dag er underkommunisert.

– Eg trur det er ganske mange unge menn som veks opp med eit ganske hardt skjønnheitskompleks. Me har ein lang veg igjen å gå når det gjeld å ta tak i kva slags skjønnhetsideal menn må leva opp til i 2017, seier Kvammen, som etterlyser forum for denne debatten.

LES OGSÅ: Nettavisen får kritikk for kjønnsdelte nettsider

(Saka held fram under videoen.)

Break up-sjangeren
Den nye plata Vektlaus handlar ifølgje Kvammen sjølv om «eit slags oppbrot» og bølgjedalane i etterkant. Det er eit sokalla «break up-album», som artisten håpar skriv seg inn i tradisjonen etter mellom anna Tunnel of Love av Bruce Springsteen. Vondt og fint på same tid.

Det synthprega og lystige lydbiletet står ofte i klar kontrast til dei reine og såre tekstane om tapt kjærleik.

Tidlegare nemnde Swift har ofte kritisert dobbeltstandardane som møter mannlege og kvinnelege artistar som brukar kjenslelivet sitt i tekstane. I eit intervju i 2014 peikte ho på kor sexistisk det er at ho vert kritisert for å «berre skrive songar om ekskjærastane sine», noko ingen påpeikar hjå mannlege artistar som Ed Sheeran og Bruno Mars.

Kvammen ser ikkje berre på Swift som ein dyktig artist, men òg eit aldri så lite feministisk paradoks. I vennekretsen har han nemleg både feministar som elskar Taylor Swift og dei som hatar ho.

Sjølv om Swift unekteleg tener fett på sitt image er ikkje Kvammen i tvil om at ho gjer ein positiv forskjell i det store og heile.

– Eg trur det er utruleg mange små jenter der ute som får gode verdiar av Taylor Swift, sjølv om det er besynderleg at ho i stor grad er backa opp av eit stort apparat beståande av veldig mange menn. Det der er veldig vanskelig altså, grublar Kvammen.

LES OGSÅ: Paradokset Beyoncé: Frigjerar eller undertrykkjar?

Forståeleg feminisme
Han er redd for å seia noko feil om eit så viktig og emosjonelt tema som feminisme, men meiner at det skal vera lov å vera feminist utan å kunna slå i bordet med førti års teori.

– Det er skummelt å seia det, men eg trur det kunne vore sunt for folk å oppleva feminisme som noko enkelt og tydeleg – og eg trur at det nettopp er der at ein mistar ein del, seier Kvammen.

Nettopp her trur han at den popkulturelle feminismen fremma av stjerner som Taylor Swift og Beyoncé kan bidra til å gjere feminismen forståeleg for «den gjengse mannen i gata».

– …og dama, legg Kvammen til.

– Så kva er dei viktigaste likestillingssakene i 2017?

– Eg har tenkt ein del på det. Det er mykje bra likestillingsarbeid her heime som absolutt ikkje skal undergravast, men det eg meiner at det ein no burde vera ekstra bevisst på, er å sjå feminisme i eit globalt perspektiv. Løfte blikket. Sjå på kva som skjer i USA og med høgrebølgja i Europa. Kva som skjer med kvinnene sin posisjon i denne bølgja av galskap. Det trur eg er sjukt viktig, seier Kvammen.


Oppdatert: fredag 24. februar 2017 10.31
Kommentarar



Faktaboks

Daniel Kvammen (28)

Frå Geilo i Hallingdal

Platedebuterte med Fremad i alle retninga(2015), som vart nominert til tre Spellemannprisar

Er aktuell med andreplata Vektlaus

Fekk Dialektprisen 2015av Norsk Målungdom 

 
ANNONSE: