Cocktail- og traktoravhengig

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Historia til Moods of Norway gjekk som ein fargerik tråd gjennom Noregsmessa for studentbedrifter i Oslo. Bestemorvaflar, cocktail og nasjonalromantikk skulle inspirere gründerspirene.

Vaflar hos bestemor
– Det er utruleg viktig å vere ekte heile vegen. Viss ikkje vert du gjennomskoda, seier Jan Egil Flo, som er økonomisjef i Moods of Norway.

Stryn-bedrifta starta som ein nachspielidé på Hawaii og har sidan vakse langt utover Noregs grenser. Med rosa traktorar og cocktailglas på bokseren, kan Flo glise heile vegen til banken, saman med gründerane Simen Staalnacke, Peder Børresen og Stefan Dahlquist. I 2003 omsette selskapet for 400.000 kroner. I fjor nærma dei seg 300 millionar kroner.

Bak suksessen ligg merkevarebygging, synlegheit og eit klart fokus på det unike ved bedrifta. I alle fall ifølgje føredragshaldarane som under årets NM for studentbedrifter gjorde eit djupdykk i oppskrifta til Stryn-bedrifta. Flo og Staalnacke sjølve meiner mykje av suksessen kan forklarast av at dei tilbyr noko ekte.

LES OGSÅ: Moods of Norway vil kapre New York

– Når pressa kjem til Stryn vert dei inviterte på vaflar hos bestemora til Simen. Det gjer òg kompisane våre. Vi er frå Stryn. Det er ekte, seier Flo.

Avhengig av cocktail
Moods of Norway skal vere kule. Men dei skal òg vere koselege.  Ifølgje sivilingeniør Morten Smidesang, som forska på merkevarebygginga til Moods of Norway i si masteroppgåve, er koplinga mellom det urbane og kule og det nasjonalromantiske og koselege, nettopp det unike ved bedrifta.

– Men det er ei vektskål som heile tida må balanserast. Om dei tek vekk cocktailen, er det berre traktoren att. Moods of Norway er avhengige av at dei har klart å kople det koselege til det urbane og trendy, sa Smidesang til studentane.

LES OGSÅ: Vann NM for studentbedrifter

Moods utan Noreg
Kva hadde Moods vore utan Noreg? Ikkje like mykje, ifølgje BI-forskar Erik B. Nes, som har forska på bruk av Noreg i marknadsføring.

– Som forbrukar reknar ein med at produkt frå rike land har høgare kvalitet enn produkt frå fattigare land. I tillegg har vi ein del oppfatningar av typiske sider ved eit land. Når det kjem til merkevarebygging kan Noreg som nasjonalt symbol vere verdifullt innanfor område der vi har godt omdømme, som miljø og natur, sa Nes.

Moods of Norway vil ifølgje gründer Simen Staalnacke fortelje norske historier gjennom gode produkt.

– Noreg er eit eksotisk land i resten av verda, seier Staalnacke.

LES OGSÅ: Lagar moteklede av mjølk

Glede og galskap
Bodskapen til studentane under NM var klar – merkevarebygging er nøkkelen.

– Folk bryr seg om merker på grunn av dei kjenslene dei assosierer til merket. Moods of Norway er glede, galskap og Stryn, seier Staalnacke.

Onsdag fortalde Stryn-karane studentane om sin veg frå Stryn til Hollywood. Sjølv meiner dei det kan vere ein fordel å komme frå ei lita vestlandsbygd.

– Det er nok meir eksotisk å kome frå ein liten plass som Stryn enn frå Oslo. På den andre sida må ein gjerne vere meir oppsøkande for å få det same sosiale nettverket som gründerar i større byar, seier Staalnacke.

– Men kvar ein kjem frå spelar ikkje så stor rolle. Det vikigaste er kva du har å gi, legg Moods-gründeren til.

FOTO: Moods of Norway