CO2-utsleppa går ned i USA

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det går det fram av den siste månadsstatistikken til US Energy Information Administration (EIA).

EIA forklarer den klare nedgangen med overgang frå kol til naturgass i kraftproduksjonen i landet. Mot slutten av 2011 utgjorde for første gong sidan 1978 kolkraft mindre enn 40 prosent av kraftproduksjonen i USA.

QUIZ: Ta den store klimaquizen vår her!

Ein mild vinter og lågare etterspørsel etter bensin gjorde også sitt til at første kvartalet i år hadde dei lågaste energirelaterte CO2-utsleppa sidan 1992, skriv teknologibladet Technology Review.

Toppunktet vart nådd i 2004, da USA sleppte ut rundt 1.580 millionar tonn CO2 i første kvartal. I år var utsleppa reduserte til 1.340 millionar tonn, eit par millionar tonn mindre enn i første kvartal i 1992.

Noreg slepper til samanlikning ut litt over 40 millionar CO2 i året, ifølgje Statistisk sentralbyrå. (©NPK)

Les siste klimanytt her!