Chuck Berry vil leva vidare i æva – på veg ut i verdsrommet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil leva vidare i all æve

Chuck Berry sin legendariske «Johnny B. Goode» er med på den interstellare gullplata som blei plassert om bord i NASA-romsonden Voyager. Sonden er no over 20 milliardar kilometer frå Jorda.

Voyager blei skoten opp 5. september 1977 for å utforska dei ytre delane av solsystemet og vidare. Voyager er i dag det fjernaste menneskeskapte objekt og vil halda fram ferda si i milliardar av år, lenger enn verda vil eksistera, heiter det i ei pressemelding frå Norsk Romsenter.

Voyager 1 og 2 har med ei «plate» med bilete og lydar frå Jorda. Dette inkluderer musikk – som Chuck Berry.

Biletet viser dekselet der ein kan finna ut korleis plata skal brukast og kor han kjem frå. Sjølve plata er av kopar med gull utanpå og har ein diameter på 30 cm. Han inneheld mellom anna 115 analoge bilete, lydar av brenningar, vind, fuglar, og dyr, musikk frå ulike kulturar og helsingar på 60 språk.

Plata er laga for at eventuelt finnarar der ute skal vita litt meir om oss og kor i universet og galaksen me held til.

LES OGSÅ: Utsikt mot det store ingenting