Bybane til sjøs på trappene

Framtida
Publisert
Oppdatert 12.04.2017 00:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me er i dialog med fleire fylkeskommunar og kommunar om å få utarbeidd eit slikt fartøy og testa det ut i eit samband. Planen er at det i første omgang skal prøvast ut i eit samband mellom Hurum og Oslo, seier dagleg leiar Hege Økland i næringsklyngja NCE Maritime Clean Tech til Nynorsk pressekontor.

Næringsklyngja omfattar rundt tretti bedrifter og forskingsmiljø i Hordaland og Rogaland.

Både Hurum og Nesodden kommune har stor tru på prosjektet og håpar å få med seg Buskerud og Akershus fylkeskommune. Går det i orden, kan båten, som blir omtalt som eit hurtiggåande by-banenett til sjøs, setjast i drift i 2016.

– Føresetnaden er at det statlege organet Transnova gjev støtte til prosjektet, seier Økland. Organet støttar miljøvennleg transport som gjev lågare eller ingen CO2-utslepp.

LES OGSÅ: Vil starte miljøløft i Hordaland

– Ideell for storbyar
Den batteridrivne båtbussen er eit resultat av at næringsklyngja fekk ein førespurnad om å utvikla ein grøn hurtigbåt til bruk i Hordaland.

– Aktørane i klyngja, som mellom anna omfattar skipsverftet Fjellstrand, meinte derimot ein måtte tenkja breiare og utvikla konseptet vidare.

Resultatet er ein hurtigbåt driven på batteri eller hydrogen med ein flytande terminal for rask av- og påstigning.

– Dette er ein ny og nødvendig måte å tenkja transport på, seier Økland, som meiner nyvinninga passar best i urbane strøk med korte avstandar. Ho peikar på at dei fleste storbyane i verda ligg langs sjøen eller langs store elvar med store utfordringar knytt til forureining og mangel på areal.

– Vanlege hurtigbåtar blir i dag omtalte som miljøverstingar. Konseptet vårt kan vera med å endra dette biletet, seier Økland.

LES OGSÅ: – Omstillinga må starte i dag

Etterlyser miljøkrav
Nyvinninga frå den maritime næringsklyngja har fått positive tilbakemeldingar både frå næringsliv og politikarar, men for at det skal vera ein marknad for slike båtar meiner Økland det er viktig at politikarane følgjer opp med miljøkrav når dei lyser ut konsesjonar for ruteselskapa.

– For industriaktørane er det ein viss risiko å vera med på slike prosjekt. Det er difor viktig at politikarane legg mykje større vekt på miljø i konsesjonsutlysingane enn dei gjer i dag, understrekar Økland.

Etter å ha testa ut pilotprosjektet i Noreg ønskjer næringsklyngja også å tilby nyvinninga internasjonalt.

– Me har alt vore på ulike konferansar i utlandet og fått svært god respons, seier Økland, som fortel at aktørar i Nederland er positive til konseptet.

LES OGSÅ: Seier nei til ferjefri E39

Nytt prosjekt
Dei maritime gründerane i vest kviler ikkje på laurbæra. Basert på erfaringane med den miljøvennlege passasjerbåten, er dei no i ferd med å sjå på andre typar miljøvennleg transport til sjøs.

– Arbeidet vårt omfattar alt frå offshore til passasjerar og gods, og før jul lanserer me eit nytt konsept for transport av gods til sjøs, seier Hege Økland. (©NPK)