Bryr vi oss mest om sexisme når det kjem frå svarte?

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Finst det noko subersivt i det?

For eit par veker sidan var eg på Øyafestivalen og såg, mellom anna Su$i x Kobe. Det har eg tenkt litt over i ettertid. Då Outkast var på Øyafestivalen for eit par år sidan førte det til ein heil masse skriveriar om erfaringa av å vere dame og sjå på det mange såg som eit sexistisk show. Då eg var på Øya i år og såg desse bergensrapparane var publikum betydeleg yngre, særskilt dei som dansa villest framfor scenen, og mange, mange av dei var jenter. Eg stod med kompisen min Øystein, vi smilte av energien deira på scenen, men lot oss ikkje heilt rive med. For så var det dette med tekstane deira, då. Eit par dagar seinare sendte Øystein meg meldinga dei hadde fått i danske Gaffa.

Utsnitt derfrå kan lyde:

“Eg sender nudes av deg til $ushimane kjerring. Eg knyter løkken her rundt halsen din kjerring.”

“Fine kår mellom fine lår, hun spør aldri pent, men hun får og får”.

“Eeh, du skriker. Rompen og fitten de spriker”.

“Men bare hold pusten din jævla fitte”.

I ei sak på nettstaden 730, kommenterer gutane sjølv songane sine. Om songen "Hentai", som det første sitatet er henta frå, har dei følgjande å seie: – Uplifting som faen, ei go gammeldags gladlåt.

Eh, ja vel ja.

For ein som voks opp med hip-hop, norsk og amerikansk, har ofte diskusjonane om hip-hop og sexisme irritert meg litt. Ja, så finst det ein del drit der, men ofte ikkje meir enn i samfunnet elles. Eg har tenkt at afro-amerikanske menn er lett å framstille som dei hypermaskuline og sexistiske andre. Om norsk hip-hop, så har eg tenkt at den ofte, når den er grisete eller sexistisk, gjer det med ein smart vri, som når A-Laget når eg voks opp rappa relativt sexpositivistisk i "Slem tøs": "drit i ka de andre jentene sier, ikkje la deg styre av kompleksene de har". Okei, så kan vi så klarte snakke om maktforhold, og måten dei sikkert brukte scena for å sjekke opp yngre jenter, som alle store og små stjerner på store og små stedar har gjort til all tid. Men det var iallfall alltid noko humoristisk i tekstene deira, som gjorde opp for masse, som når den kanskje ikkje mest billedskjønne (iallfall ikkje på den tida) V4gard rappa om å måtte ta seg av "den stygge venninnen" når kompisen ville sjekke opp den pene. Ein kunne nesten tru det var sjølvironi med i biletet.

Når alt det er sagt, så gjer det meg trist som faen å sjå jenter og gutar gi seg heilt og ukritisk (?) hen til desse typane etter ein vår og sommar der vi har snakka om valdtektskultur. At desse gutane som (av grunner ukjent for meg) vel å lage eit konseptalbum inspirert av det drøyaste av den sexistiske japanske kulturen, og tilpasse det til ei norsk setting. At hippe, unge folk slår seg laus til showet, hyler og skrik når dei rappar om å valdta det som kunne vore venninnene deira med band omkring halsen for å dele bilda etterpå med kompisane sine. Og det frå kvite, unge, relativt privilegerte unge menn: Desse er ikkje barn av undertrykking, av sosiale strukturar som kvelar dei eller som avlar fram sinne og valdsmentalitet. Finst det noko subersivt i det? Finst det noko kritisk potensiale i dette som eg ikkje ser? Og kor mykje innsats skal ein legge ned i freista å forstå? Kva i all verda tar desse kidsa og unge vaksne med seg frå konsertar som denne?

Eg har aldri vore for sensur, dette handlar ikkje om deira rett til å lage songar som dette, men om oss, vi som lytter. Nokon vil sikkert meine det er humørlaust som faen, men søren, når vi veit korleis det er for norske unge jenter i dag, av og til får ein lyst til å spørje kva som er feil med oss, når vi kollektivt vel å glorifisere sånt som dette.