Bryr me oss om dei som lagar mobilane våre?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bryr du deg om dei som laga mobilen din?

– Denne filmen viser at me som menneskjer, ikkje vil at andre menneskjer skal ha det dårleg, seier Raudt-politikar Andreas Liebe Delsett etter å ha sett premieren på Framtiden i våre hender sin nye kampanjevideo.

I filmen freistar seljarar å selja den nye telefonen FLIP-phone ved hjelp av ærleg informasjon. (Sjå video nedst i saka).

Vil nordmenn ha ein billig telefon, sjølv om han er produsert av barn utan omsyn til miljøet?

Filmen er ein del av kampanjen «Vi gjør Norge billigere», som er eit opprop for å få ei ny etikklov som set krav til at dei store merkevarene gjev innsyn i forholda for arbeidarane sine.

15 kroner timen
Framtiden i våre hender (FIVH) publiserte førre veke rapporten «Something’s not right here», som avslørar dårlege arbeidsforhold for kinesiske arbeidarar som produserer iPhone 6.

Ifølgje rapporten, som er laga i samarbeid med China Labor Watch, må arbeidarane jobba seksdagars arbeidsveke for berre 15 kroner timen. For å få ei løn det går an å leva av må dei difor jobba mykje overtid.

Arbeidarane, som bur i overfylte sovesalar er ikkje organiserte.

Tryggleiken ved fabrikken Pegatron Technology i Shanghai får òg krass kritikk.

Apple svara til VG at dei ikkje kunne uttala seg før dei hadde sendt ein person inn på den aktuelle fabrikken for å sjekka forholda.

LES OGSÅ: Gamle mobilar er gull verd

1,8 milliardar mobiltelefonar
Tysdag denne veka inviterte Framtiden i våre hender til frokostmøtet «Hvem lager mobilen din?» på Litteraturhuset i Oslo.

I snitt byter me nordmenn mobil etter eitt og eit halvt år.

I fjor vart det selt 1,8 milliardar mobiltelefonar i verda. 2,1 millionar av desse vart kjøpt i Noreg. 

Leiar Arild Hermstad byrja difor med det sentrale spørsmålet:

– Bryr me oss om dei som lagar mobiltelefonane våre?

Frå Kina til Vietnam og Indonesia
Den globale elektronikkindustrein sysselset millionar av menneskje – dei fleste av desse med produksjon i lågkostland i Asia.

Her vert om lag alle kamera og mobiltelefonar produsert.

Og for å få ned prisen ytterlegare flyttar selskap no produksjonen frå Kina til land som Vietnam og Indonesia, fortel Maja Van Der Velden til dei frammøtte.

Ho er førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo, der ho jobbar med berekraftig design av informasjonssystem.

– Stor grad av midlertidigheit gjer at det ikkje er sosialt berekraftig. I tillegg er elektronikkindustrien storforbrukarar av kjemikaliar. Det er lite informasjon om risikoen og kva ein skal gjere ved eventuelle ulukker. Spesielt jenter og kvinner kan ha auka risiko for spontanabort. I tillegg kjem faren for blodsjukdommar og kreft, seier Van Der Velden.

Då dreier det seg særleg om det kreftframkallane stoffet benzen.

LES OGSÅ: KrF vil gjera det enklare å handla etiske klede

Elektronikkbransjen er skeptiske
Van Der Velden svergar sjølv til den nederlandske mobilen Fairphone, som skal vera det mest berekraftige alternativet på marknaden.

Ho meiner løysinga er openheit i heile leverandørkjeda, slik at ein kan sjå kor varene kjem frå og kor pengane går.

Både ho og FIVH meiner at Noreg må gå framfor og endra lovverket for import, slik at me får ein høgare etisk standard på elektronikken som vert selt i Noreg.

Men administrerande direktør i Elektronikkbransjen, Jan Adelsten Røsholm, er ikkje heilt einig.

Dei representerer over tusen bedrifter, som jobbar med elektroniske produkt eller tenester. Apple er ikkje medlem.

– Me hadde i utgangspunktet støtta ei slik lov om openheit. Men det kan ikkje vera ei norsk særlov, då vil eventuelle importforbod føra til ein illegal marknad. Me vil støtta det om det kjem på internasjonalt-, eller minimum EU-nivå, seier Adelsten Røsholm, som meiner at det offentlege bør gå føre med eit godt eksempel og stilla krav til produkta dei kjøper inn.