Bruker nynorsk igjen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tjønn skriv på nynorsk i den nye boka og det er lenge sidan sist han brukte det skriftspråket.

– Eg byrja å skriva boka på bokmål, men det fungerte ikkje. Så forsøkte eg på nynorsk og då kom setning etter setning, seier Tjønn. Forfattaren frå Feios valde å slutta å bruka nynorsk som skriftspråk i bøkene sine i 2008 samstundes som han gav ut romanen Lyden av noen som dør.

– Eg var i ein fase i livet der eg var usikker på mitt eige språk. Eg syntest nynorsk var vanskeleg ettersom eg nytta bokmål i arbeidslivet mitt som journalist. Framleis synest eg nynorsk er vanskeleg, og fryktar diverre at nynorsk kjem til å enda opp som eit elitespråk som mest vert nytta av forfattarar og akademikarar utanfor Sogn og Fjordane. For denne boka her fant eg eit språk som fungerte fok akkurat denne historia, seier Tjønn.

Les siste boknytt her!

Ungdomsroman
Boka Så vakker du er handlar om tenåringsguten Henrik som opplever at onkelen Simon er alvorleg sjuk av kreft. Dei har eit spesielt nært forhold ettersom Henrik ikkje har ein far. Historia handlar om forholdet mellom dei to i den siste fasen av Simon sitt liv.

Les saka i Sogn Avis!